Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Både media og foreldre har lenge vore uroa for om vald i spel kan føre til meir vald mellom barn og ungdom i røynda.

Ein ny studie viser at dette ikkje er tilfelle.

Agne Suziedelyte, seniorlektor ved City University of London, har studert effektane valdsspel har. Både på aggresjon mot andre og om ein øydelegg ting.

Studien fokuserte på gutar mellom 8 og 18 år, gruppa det er mest truleg at speler valdsspel.

Det var Forsking.no som omtalte denne saka først.

Ikkje valdelege, men øydelegg ting

Foreldra til gutane har rapportert korleis dei oppførte seg, og gutane har også sjølv fortald forskaren om eigen oppførsel og korleis dei føler seg.

Suziedelyte fann ikkje noko bevis på at unge vart meir valdelege mot andre etter at eit nytt, populært og valdeleg spel kom ut på marknaden.

Men foreldrene rapporterte at barna hadde ein større tendens til å øydelegge ting etter at dei hadde spelt valdelege spel.

– Resultata peikar på at videospel kan opprøre barn, men at dette ikkje fører til vald mot andre folk, som er den type vald me bryr oss mest om, seier forskaren i ei pressemelding.

Ho meiner at ei forklaring til resultata er at gaming vanlegvis skjer i heimen, der moglegheitene til vald mot andre er mindre.

– Dette er særleg viktig for gutar med valdstendensar, som kan vere spesielt tiltrekt av valdelege spel.

Forskaren meiner difor at politiske grep og aldersgrenser på sal av spel til mindreårige, truleg ikkje vil redusere valden.

Dataspel gjer at folk er meir heime

Tidlegare har forsking peikt på at familie, psykisk helse, kjønn, gener og personlegdomstrekk er faktorar som påverker aggresjon og vald. Også i 2019 kom ein studie frå Singapore som viste at gaming ikkje førte til vald.

I mange delar av verda har også valdskriminaliteten gått ned, samstundes som gaming har blitt meir populært og valdsinnhaldet meir realistisk, seier sosialantropolog Stian Overå og pedagog Niri Talberg i ein e-post til Forskning.no.

Dei jobbar ved KORUS Øst, som har eit nasjonalt ansvar for penge- og dataspeltematikk.

– Det beviser ikkje i seg sjølv at dataspel fører til mindre kriminalitet, men enkelte forskarar, også denne artikkelforfattaren, trekker fram at dataspel fører til at mange unge er meir heime enn før og at dei på den måten kan distansere seg frå miljø og aktivitetar som er forbunde med problemåtferd og vald.

Overå og Talberg kritiserer studien for å vere unøyaktig i omgrepsbruken, men fortel at dersom ein er einig i premissane, så bør ein konkludere med at det er god forsking.


Skjermdump frå Youtube/Psyjinx