Fleire vidaregåande skular skal innføre e-sport som programfag frå hausten av, nokre har allereie hatt tilbodet i fleire år.

E-sport-linja har starta opp fleire stader i landet, mellom anna starta Garnes vidaregåande skule opp tilbodet hausten 2016. No vil enda fleire elevar få tilbodet, mellom anna elevane på Firda VGS, skriv avisa Firda.

– Det er fleire vidaregåande skular som har slike programfag. E-sport er ein sport på lik linje med sjakk og har mange fellestrekk med andre toppidrettar, seier pedagogisk leiar på Firda VGS Jørgen Dølvik Husbyn.

Ikkje berre speling

E-sport er kjend for å vere avhengnadsskapande, og fleire som driv med dataspel opplever problem med søvnen. Faget vil også innehalde kunnskap om psykisk og fysisk helse.

– I timane vil vi undervise i treningsplanlegging, kosthald, basisferdigheiter og spisskompetanse. Dette er ikkje eit fag for den gjengse elev som likar å spele litt av og til, men for dei som er ordentleg interessert, seier Husbyn.

Han håpar òg at dei som slit med å kombinere speling med mat, søvn og sosialt liv, kan få hjelp gjennom faget.

Christian Myhrvold er ansvarleg for e-sportssatsinga til Kuben vidaregåande Skule i Oslo som òg skal starte e-sport-linje til hausten. Også der har fysisk og psykisk helse stort fokus.

– E-sport som toppidrett er no det primære satsingsområdet. I undervisninga skal vi leggje opp til fysisk trening, livsmeistring, kosthaldssvaner og struktur i tillegg til å utvikle ferdigheitene i spel, seier han til DN.

Nye måtar å lære på

Camilla Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstituttet, seier at ho er interessert i om dette kan vere førebyggjande mot fråfallsprosenten hjå gutar i vidaregåande skule.

– Eg er positiv til at skulen testar nye måtar å lære på, noko som kan gjere fleire engasjerte og bidra til å utvikle potensialet deira. For ein del av dei som slit med å fullføre vidaregåande kan dette vere motiverande, seier ho til DN.

Ho legg til at det er behov for meir forsking på området.

Camilla Torvhol Frøystad kan godt tenke seg å satse på e-sport. Foto: Peder Skjelten

Kommentarar

ANNONSE