Dette må til for å bli god i e-sport

Framtida
Publisert
Oppdatert 21.01.2019 08:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det skjer mykje no. Fleire aktørar kjem på banen, innanfor League of Legends er det fleire lag som hevdar seg på høgt nivå, og Rocket League og Counter-Strike veks kraftig.

I haust vann Nordavind noregsmeisterskapen, Telenorligaen, i League of Legends, og han har tidlegare vunne den same ligaen med laget han var i før dei blei ein del av Nordavind.

Han har brukt mykje tid framfor pc-skjermen, og meiner det er ein av fem faktorar som må til for å bli god.

Kva som må til for å bli noregsmeister, ifølgje ein som har klart det:

1. TID: – Skal du bli best må du dedikere mykje tid til det. Det er viktig å sjå på det som jobb, og å bruke tid på det individuelt og med lag. Det kan vere snakk om minst 30 timar i veka. Hos oss i Nordavind er ikkje 30 nok. Spelarane har 4 faste lagtreningar i veka som varer 3 timar kvar, så legg du til individuell trening, og i det siste har dei hatt to offisielle kampar i veka. På det meste ligg dei på over 60 timar.

2. MÅLRETTA ARBEID: – Ikkje set deg ned for å spele på gøy, tren med hensikt. Alt du gjer skal ha ei meining, sjølv om det er keisamt.

3. FYSISK TRENING: – Skal du henge med i ein fem timar lang kamp og fortsatt klare å reagere på på millisekundet i ein viktig finale er det viktig at du er skjerpa fysisk og mentalt.

4. KOSTHALD: – Hos oss er det ikkje Red Bull eller anna energidrikk ved spelinga. Vi et ikkje usunn mat eller drikk alkohol i vekedagane. Eit godt kosthald kombinert med tre til fire fysiske treningar i veka er noko alle som vil bli gode innan e-sport bør sjå for seg.

5. DEDIKASJON: – Skal du bli god må det gjennomsyre veka di. Det er ikkje nok å bruke to timar på kveldstid for å spele Counter-Strike og tenke det er bra. Frå morgon til kveld må du tenke som ein e-sportutøvar. Dette kan gå utover andre planar, om du har avtalt trening må kompisgjengen bli nedprioritert, men er ein del av det som må til.

Ole-Andreas Skår blir stadig spurt av nysgjerrige om kva som skal til for å bli god nok i e-sport til å leve av det. I tillegg til dei fem tipsa over kjem han alltid med følgjande råd til unge håpefulle.

– Å vere e-sportutøvar er kortsiktig, dei fleste pensjonerer seg innan dei er 27. Fullfør i det minste vidaregåande skule, og aldri slutt på skulen før du har fått eit tilbod som gjer det verdt det.