«Dette er ting eg som same er ekstra stolt av i dag»

Lise Sundelin Morottaja
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dag markerer vi samefolkets dag, og eg ønsker med dette å takke alle som feirar og markerer dagen saman med oss.

Samefolkets dag er ei felles markering for det samiske folk, uavhengig av språk og bustad. Dagen vert markert offentleg på ulikt vis i heile Sápmi på tvers av landegrenser i Noreg, Sverige, Finland og Russland.

Samefolkets dag er ikkje berre ein historisk viktig dag for samane, det er også ein dag for å markere framsteg, nærvære og utvikling. På ein dag som denne er det viktig å reflektere over alle dei gode tinga vi har oppnådd samstundes som vi rettar blikket framover.

Dette er ting eg som same er ekstra stolt av i dag:

1: Samisk oppblomstring i sosiale medium med Instagram-kontoar, Facebook-sider, podkastar, YouTube-kanalar, TikTok-brukarar, med meir.

2: Samisk språkentusiasme gjennom appar, språkkurs, studium, filmar, musikk, bøker, med meir. Mangfaldet til dei samiske språka byrjar òg å vise seg: I Finland har dei dubba Mummi til enaresamisk og skoltesamisk, i Sverige har dei mellom anna laga barne-tv på umesamisk.

3: Norske og samiske aktivistar som side om side har aksjonert mot kopargruver og dumping av gruveslam i Repparfjorden. Her har det no vorte ein mellombels stans i prosjektet.

Bilete frå då Natur og Ungdom kunne juble og pakke ned protestleiren i Repparfjord, fordi dei fekk medhald i at den omstridde drifta av gruveområdet til Nussir vart mellombels stoppa.
Foto: Natur og Ungdom / NTB

4: Sannings- og forsoningskommisjonen sitt arbeid med gransking av fornorskingspolitikken og urett utført mot samar, kvener og norskfinnar. Rapporten kjem i 2023. Det vert også oppretta ein liknande granskingskommisjon i Sverige.

5: Konsultasjonsplikta som pliktar styresmaktene til å konsultere med samane i saker som angår oss.

6: Reindrifta sin kamp mot graverande inngrep for å forsvare eigen rett til kulturutøving.

Utviklinga og bevaringa av samisk språk, kultur og samfunnsliv kan berre verte betre. Det er arbeid som må skje kontinuerleg. Vi må halde fram med å stille krav til oss sjølve og styresmaktene.

Men i dag skal vi feire alle dei dyktige menneska som til no har styrka både samisk språk, kultur og samfunnsliv.

Samane har mange ting å vere stolte over og det er heller inga sjølvfølgje, gitt vår historie, at vi har samisk språk og kultur att å formidle. 

Lihkku Sámi álbmotbeivviin!

Læhkoe Saemiej åålmegebiejjine!

Gratulerer med samefolkets dag!


Les også: – Det einaste eg ber om er at når eg vert gammal, så kan eg sjå at mine barn og barnebarn har ein sjanse til å kunne leve vidare i kulturen eg elskar

– Det samiske folket har vore koloniserte av det norske. Ein lyt ta innover seg historia om at Noreg er ei kolonimakt, og det kan sitje langt inne for nokre, seier Ella Marie Hætta Isaksen Foto: Sara Angelica Spilling