«Eg er forbanna, trist og kjenner på eit enormt sinne»
Om planane i «Kraftpakke Finnmark» blir realiserte vil dette bli det største inngrepet i Noreg si historie, skriv Ingvill Mathilde Torgersen i Troms Natur og Ungdom.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Tysdag voterte Stortinget over framtida til Finnmark.
Dei voterte over om Melkøya skal elektrifiserast med kraft frå land eller ikkje. Dei vart ikkje einige, og med det har dei svikta reindrifta, naturen og framtida.
Ingen klarte å bli einige
I 2023 gav Støre-regjeringa løyve til å elektrifisere Melkøya med kraft frå land, men etter at Senterpartiet gjekk ut av regjering, og endra sitt standpunkt til å no vere mot elektrifiseringa, er det kome fleire forslag på bordet for å stanse elektrifiseringa.
Det var knytt usikkerheit rundt kva det endelege vedtaket skulle bli.
Det låg mange representantforslag på bordet, alle desse ville stanse elektrifiseringa, men det var berre eitt problem; ingen klarte å bli einige om korleis.
Det var eit fleirtal på Stortinget for å stanse elektrifiseringa av Melkøya, det einaste problemet var at partia vil gjere det på forskjellige vis, og alle er for sta til å sjå heilskapen.
«Kraftpakke Finnmark»
Voteringa handla ikkje berre om Melkøya skal elektrifiserast eller ikkje, det handlar om noko mykje større; «Kraftpakke Finnmark», som regjeringa la fram for å kunne få nok kraft til å gjennomføre elektrifiseringa.
Om planane i «Kraftpakke Finnmark» blir realisert vil dette bli det største inngrepet i Noreg si historie.
I «Kraftpakke Finnmark» er det tenkt å byggje 11 vindparkar, med over 1800 vindturbinar, i tillegg til fire kraftkablar som skal skjere gjennom reinbeiteområde i heile Finnmark.

Areala som må byggast ned for å byggje vindparkane er enorme

Areala som må byggast ned for å byggje vindparkane er enorme, og vil ha katastrofale konsekvensar for reindrifta i dei områda som vil bli råka.
Dette vil hindre reineigarane i å utøve sin kultur som urfolk, og dermed kan dette bryte med menneskerettane.
Totalt feilsteg
Ikkje berre vil elektrifiseringa av Melkøya råke menneske og naturen. Dei største utsleppa i olje- og gassindustrien kjem ikkje frå produksjonen, men frå sjølve forbrenninga av olje og gass.
Noreg vil uansett eksportere gassen frå Melkøya-anlegget, og den vil bli brukt ein anna stad.
Difor er det eit totalt feilsteg av regjeringa å prøve å grønvaske seg ut av reell klimahandling ved å elektrifisere Melkøya.
Me kan ikkje bruke verdifull kraft og ofre sårbar natur for å vidareføre ei næring som er på veg ut.
Det verkar som at politikarane på Stortinget ikkje skjønar kva og kven dette kjem til å gå ut over.
Råkar reindrifta
Vedtaket dei no har gjort om elektrifiseringa, vil ha konsekvensar for menneske og natur.
Reindrifta vil bli hardt råka no som Stortinget ikkje har stansa elektrifiseringa. Dette skjer i røynda, og vil påverke ekte liv.
Det at regjeringa, og no Stortinget, held fram med å systematisk undertrykke samisk kulturutøving er ei vidareføring av fornorskinga.

Dette handlar om å bevare natur, samisk kultur

Eg er forbanna, trist og kjenner på eit enormt sinne overfor vedtaket Stortinget no har gjort.
Dette handlar ikkje berre om elektrifiseringa av Melkøya, dette handlar om å bevare natur, samisk kultur, og å ikkje blåse livet i ei næring på veg ut.
No som Stortinget har mislukkast i å bli einige, og i røynda lét Noregs største naturinngrep bli realisert, har dei svikta reindrifta, naturen og framtida. Men me vil aldri slutte å kjempe – ČSV!