Frp vil ha fortgang i leiting etter olje og gass
Frp meiner regjeringa må få fortgang i leitinga etter meir gass på norsk sokkel. Dei peikar på at EU no er på jakt etter gass frå andre enn Russland.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Når vi no ser at det er stor mangel på naturgass i den europeiske marknaden samtidig som Russland held igjen, bør Noreg ha som mål å produsere og eksportere meir gass enn vi gjer i dag, seier Framstegspartiets energipolitiske talsperson Frank Sve.
Rekordhøge skatteinntekter
Han peikar på at det i fjor kom inn rekordhøge skatteinntekter frå norsk sokkel, mellom anna på grunn av dei skyhøge gassprisane, og meiner at meir leiting kan gi rom for auka produksjon og på sikt auka gasseksport til Europa.
– Heng ikkje på greip
I budsjettavtalen i haust mellom regjeringa og SV vart det semje om å avlyse den 26. konsesjonsrunden på norsk sokkel.
Frp krev no at regjeringa endrar vedtaket.
– Det heng ikkje på greip at regjeringa hindrar selskapa på sokkelen å leite etter olje og gass i nye felt, spesielt ikkje når vi ser eit Europa som no står i energikrise fordi dei manglar gass, seier Sve.