Jobbar med nasjonal togbillett – men han blir ikkje klar til sommarferien

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

MDG etterlyste i fjor ein nasjonal «interrail»-billett i Noreg, som tillét passasjerar å reise så mykje dei vil med tog i ein gitt periode.

I Sverige finst ein liknande billett for 7, 15 eller 30 dagar.

Dåverande samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) sa til NRK at idéen var god, og han håpa at reisande kunne nytte ein slik billett i Noreg i sommarferien 2022.

Samferdsleminister: – God idé

Samferdsledepartementet oppgir i ein e-post til Framtida.no at arbeidet med billetten no er i gang.

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap). Foto: Fredrik Naumann/Felix Features

– Vi synest det er ein god idé med eit pass som kan få turistar til å reise rundt i Noreg på ein klimavenleg måte, seier samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Han opplyser at Jernbanedirektoratet arbeider med å utvikle ordninga.

Nygård har også bede direktoratet om å greie ut eit nasjonalt ungdomskort for kollektivtrafikk, slik regjeringa har gått inn for i Hurdalsplattforma.

– Ikkje til sommaren

Avdelingsdirektør Hanne B. Norli i Jernbanedirektoratet fortel at det ikkje er realistisk å få på plass ein nasjonal togbillett innan kommande sommar.

– Det største utfordringa er tida. Det er fleire element som må på plass før vi kan starte billettsalet, skriv ho til Framtida.no i ein e-post.

I tillegg til at ein må få på plass tekniske løysingar, rammeverk for prising, fordeling av inntekter og statlege tilskot, er det eit krav om at alle togbillettar skal ha 90 dagars forsal.

For tidleg å seie

Jernbanedirektoratet arbeider samstundes med å greie ut det nasjonale ungdomskortet. Ein skal mellom anna sjå nærare på om billetten skal omfatte både buss og tog.

Målet er å oversende eit avgjerdsgrunnlag til Samferdsledepartementet i midten av 2022.

– Det er for tidleg å seie noko om når billetten vil vere klar, skriv Norli.


Julia Helena Berg-Evensen og faren Lasse Olsrud-Evensen køyrer rundt i bubil i heile Noreg i sommar. Det heile streames på Nettavisen.no. Foto: Privat.