Unge vil føretrekkje noregsferie òg etter pandemien
Sju av ti nordmenn skal berre feriere i Noreg i sommar, ifølgje ei undersøking. Mange unge vil velje noregsferie framfor utanlandsferie sjølv etter pandemien.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nær halvparten (47 prosent) av unge mellom 18 og 29 år svarer at dei vil velje noregsferie i åra som kjem framfor å reise ut av landet, viser undersøkinga frå NHO Reiseliv.
Det er godt over snittet på 35 prosent.
Det viser vekstpotensialet i norsk reiseliv i åra som kjem, seier NHO Reiseliv-sjef Kristin Krohn Devold.
– Eg trur dei blir tiltrekt av opplevingsbedrifter som byr på spektakulære naturopplevingar, men også det urbane med ein serverings- og utelivsbransje som kan skilte med eit tilbod i verdsklasse. Koronakrisa har ramma reiselivet hardt, men no skal vi starte gjenreisinga, seier Krohn Devold.
Kor vil du feriere når pandemien er over?
Kor vil du feriere når pandemien er over?
- Ta quizen: Er du førebudd på noregsferien?
Flest vil til Vestland og Viken
I same undersøking svarer sju av ti at dei berre planlegg noregsferie i sommar. Vestland og Viken peikar seg ut som dei mest populære fylka å reise til. Éin av ti planlegg å reise utanlands.
Undersøkinga er gjennomført av Ipsos, og 1.047 respondentar deltok mellom 12.–26. mai.
- Usikker på kor ferieturen skal gå i år? Erlend Skjetne har heite ferietips til deg: Ytre-Paddeby, monoftongfjordhopping og familieferie med skyhøg «Å du store min»-faktor!