Erna Solberg meiner nordmenn kan fly utan skam

Statsminister Erna Solberg (H) skammar seg ikkje når ho er ute og flyr. Ho synest nordmenn skal få dra på sommarferie utan flyskam.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ja, eg flyr på ferie i sommar. Og det gjer eg eigentleg heilt utan flyskam. Eg meiner vi skal nå klimamåla våre på andre måtar enn å ha dårleg samvit over at vi nyt ein ferie, sa statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg då ho var gjest på det siste Politiske kvarteret på NRK før sommarferien.

Ordet flyskam vart i fjor kåra til årets nyord i Sverige, og karakteriserer skamma enkelte følar om klimautsleppa frå flytrafikk og sine eigne flyreiser.

Har du «flyskam»?

Har du «flyskam»?

Ja, difor flyr eg ikkje9
Ja, skammar meg for å fly12
Nei, flyr med godt samvit22
Kva er «flyskam»?4
Svar totalt: 47

 

– Feil å gjere det moralsk forakteleg å fly

Ferske tal frå EUs statistikkbyrå Eurostat viser at Noreg flyr dobbelt så mykje som andre europearar. Heile 40 prosent av reisene våre, som går over fleire dagar, vert gjennomført med fly.

Noreg er eit langstrekt land, og vi blandar dessutan inn biodiesel i flydrivstoffet, slik at flya våre slepp ut mindre farlege avgassar enn fly i mange andre land, peika statsministeren på.

Ho meiner teknologiendringar, og ikkje skamkjensle, er det beste verkemiddelet mot lågare utslepp.

– Eg meiner det er feil å gjere det moralsk forakteleg å fly for folk som kjem frå eit land som Noreg, som er kaldt, langstrekt og spreidd utbygd. Vi er nøydde til å fly, seier Solberg.