Julia (15) er på bubiltur med faren sin og fem kamera i ein heil månad

Karine Jonsrud Pedersen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei køyrer rundt i heile Noreg, og inviterer det norske folk med på bubilturen gjennom daglege direktesendingar på Nettavisen.no.

– Det har så langt ikkje vore nokon nedturar, seier Julia på telefon til Framtida.

Ho, faren, dei to familiehundane og fem kamera er på veg til Gamlestøen i Etnedal når vi snakkar med ho. Trafikken høyrest godt, og kvadrata dei bur og søv på i bubilen er ikkje mange.

– Pappa, du kan ikkje prate i telefonen no som eg gjer det, seier Julia litt irritert til faren hennar som køyrer.

Ho fortel at det kan vere slitsamt å bu oppå kvarandre på så liten plass, men ho seier at ho har ein god og tett relasjon med faren sin.

– Det vert jo litt diskusjonar og kranglar innimellom, men vi ordnar alltid opp igjen ganske raskt. 

Idyllisk

Bubilturen starta på Jevnaker 1. juli og skal etter planen vere ferdig 30. juli i Hønefoss. På vegen skal dei innom plassar både i nord, sør, vest og aust i landet. Dei søv på ulike campingplassar kvar natt.

Eit av høgdpunkta for Julia så langt er Geiranger.

– Eg likte heile utsikta og berre korleis det låg til. Korleis heile staden var. Det var berre så idyllisk, fortel ho. 

Dei er snart halvvegs på turen, og ho gler seg til å sjå enda meir av Noreg.

Julia Helena Berg-Evensen (15) seier ho ikkje har oppdaga noko nytt med faren sin, Lasse Olsrud Evensen (61), etter to veker i bubil: – Vi kjenner kvarandre allereie veldig godt. Saman besøker dei fleire stader i Noreg. Så langt er Geiranger favoritten. Foto: Privat.

Direktesendingar kvar dag

Ideen til denne litt uvanlege sommarjobben dukka opp på ein annan køyretur med faren.

– Det var berre veldig spontant, og noko vi kom på da vi var ute å køyrde ein dag, seier Julia.

Ho innrømmer at ho grua seg litt til alle kameraa som skulle vere med dei, men 15-åringen har vore på tv-skjermen før.

– Eg har vorte litt vand med det, og trur eg er ganske avslappa framføre kamera, men direkte-tv er litt skummelt, seier Julia. 

Tidligare har ho vore med på reportasjar frå Norway Cup, og andre prosjekt faren har vore involvert i, som til dømes Påske-TV på Startsiden og ABC Nyheter.

Ein kan følgje med på bubilturen på Nettavisen.no kvar dag mellom kl. 09 og kl. 18.

Kvir du deg litt til familieferie på grunn av liten plass, mange diskusjonar og kleine familiemedlem?

Julia og faren er nok langt ifrå å vere aleine om å av og til vere litt leie kvarandre og å diskutere om dei minste ting. Ho har derfor følgjande tips til deg som vil unngå familefeidar i sommarferien:

  • Ikkje ver oppå kvarandre heile tida. Hald litt avstand.
  • Ta deg litt frisk luft. Har du med dyr, er dei ei god unnskyldning for å ta med ut.
  • Vert einig på førehand kva som skal verte gjort når av til dømes vasking slik at det ikkje vert noko usemje om det.

Trass litt krangling angrar ikkje Julia på at ho sa ja til road trip med faren sin:

– Det er heilt klart verdt å gjere det, og verdt å bruke tida si på. Det er koselig på ein annleis måte enn heime. Heime er ein kvar for seg, og ein gjer ulike ting heile tida. På tur har ein noko finne på saman, avsluttar ho.


Paddeby

Flyfoto av Paddeby, Vadsø. Foto: Vadsø museum – Ruija kvenmuseum, CC BY-SA 4.0-lisens