Den nye talspersonen i Grøn Ungdom ville invitert fredsprisvinnar på nøttesteik
Ulrikke Torgersen ville ete middag med Maria Ressa og ser opp til Greta Thunberg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Første gong Ulrikke Torgersen (24) høyrde om klima- og naturkrisa vart ho bekymra, men så vart ho frustrert fordi ho syntest ingen av politikarane behandla krisa som ei krise.
– [Eg] er like frustrert i dag, fortel ho på e-post til Framtida.no.
Klimasaka og handlingsfrustrasjonen vekte engasjementet til Torgersen, som dei siste seks åra har vore aktiv i Grøn Ungdom. Tidlegare i år var ho på vippen til å få plass på Stortinget for Miljøpartiet Dei Grøne, som deira førstekandidat frå Rogaland.
Stortingsplassen glapp, men 24-åringen er nyleg vald til eit anna verv der ho vil kjempe for klimahandling.
Rista litt i den gamle generasjonen politikarar
På Grøn Ungdom sitt landsmøte i slutten av november vart Torgersen og partikollega Tobias Stokkeland valde til nye talspersonar i ungdomspartiet.
– Saman kan vi fordele arbeid, sparre og utfylle kvarandre med våre ulike styrkar, skriv Torgersen.
Dei tek over stafettpinnen etter Hulda Holdtvedt og Teodor Bruu, som har vore talspersonar sidan høvesvis 2017 og 2018.
Sjølv håpar Ulrikke Torgersen å vere ein tydeleg, tilgjengeleg og ærleg leiar.
– Kven er leiarførebiletet ditt?
– Greta Thunberg, som har leia ei internasjonal og ung klimarørsle med mot og tydelegheit – og som for første gong i moderne tid har rista litt i den gamle generasjonen politikarar på klimasaka.
Klimasaka vart aldri den same, meiner Torgersen.
Kampen for reell klimapolitikk
Ulrikke Torgersen sine hjartesaker er artsmangfald, dyrevelferd og psykisk helse. Ho held seg oppdatert gjennom diverse nyheitsmedium og lyttar òg til radioen.
Om ho hadde vakna til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta vore: «Alle som slit psykisk får no hjelp på dagen».
– Kva er dei tre viktigaste sakene for Grøn Ungdom anno 2021?
– Vi må, dessverre, fortsetje kampen for reell klimapolitikk, og at alle menneske skal kunne få leve gode liv utan å verte sjuke, miste heim eller levebrød som følgje av klimakrisa. Slutte å øydelegge naturen vår, då øydelegg vi for oss sjølv, slår Torgersen fast og held fram:
– [Vi må] aldri slutte å stå opp for rasisme, diskriminering og retten til å vere og elske den ein vil.
Idealsamfunnet til den nyvalde talspersonen er eit samfunn der alle kan vere den dei vil, elske den dei vil og ikkje verte diskriminert på bakgrunn av etnisitet, funksjonsvariasjon eller kjønn.
– At menneske lever gode liv utan at det går på kostnad av klima og naturen. At psykisk sjuke får hjelp og at ingen skal måtte kjempe åleine, legg ho til.
Fredsprisvinnar på middag
Den største tidstjuven i kvardagen til 24-åringen er fint vêr, og på fritida driv ho med swing, yoga og paragliding, i tillegg til å setje pris på å ete god mat ute med vennar.
Om ho skulle invitert kven som helst – levande eller daud – på middag, hadde valet falle på den filippinske journalisten Maria Ressa, som leier mediehuset Rappler.
Dersom Ressa hadde teke turen heim til Torgersen, er menyen klar:
– Ville servert nøttesteik (det er jo jul).
Ulrikke Torgersen tilrår alle å lese boka «OK boomer» og andre ting du kan si til onkelen din om klima, skriven av partikollega Nora Heyerdahl:
– Denne boka passar perfekt til juleselskapet der du vert skyteskive for «kvifor du bryr deg om klima og er veggis eigentleg». Ho rustar deg mot herskete spørsmål og gjev deg verktøya du treng for å takle einkvar klimaskeptikar.
Fem kjappe
- Hjartesaka til den nyvalde Unge Venstre-leiaren er rusreform: – Dagens ruspolitikk legg stein til byrda som allereie er til stades ved eit rusproblem, fortel Ane Breivik.
Ulrikke Torgersen
Frå: Hillevåg i Stavanger
Alder: 24
Yrke/utdanning: Student
Favorittfag på skulen: Norsk
Ulike verv: Nestleiar i Grøn Ungdom Rogaland, sentralstyremedlem i Grøn Ungdom, førstekandidat i Stortingsvalget 2021 for MDG Rogaland
Medlem i: Grøn Ungdom, Miljøpartiet Dei Grøne