Unge Venstre sin nye leiar ville reist på harryhandel med Lars Sponheim

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hadde eit stort engasjement for vern av Lofoten, Vesterålen og Senja. Men eg hadde jo ikkje stemmerett. Og då fann eg fram til at den lettaste vegen til innverknad var å engasjere seg i eit politisk parti.

Det var kampen for varig vern av LoVeSe som først lokka Ane Breivik inn i politikken. No er ho førstevara til Stortinget, og nyvald leiar i Unge Venstre.

– Eg håpar at medlemmane i Unge Venstre vil oppleve meg som open, inkluderande og lett å snakke med, fortel 23-åringen frå Bærum på e-post til Framtida.no.

Leiarførebiletet til Breivik, som no har permisjon frå jusstudiane, er den amerikanske høgsterettsdommaren Ruth Bader Ginsburg, som døydde i fjor 87 år gamal.

Med hjarte for rusreform

Ane Breivik tek over vervet etter Sondre Hansmark, som har leidd ungdomspartiet sidan 2017.

Ho fortel at dei tre viktigaste sakene for Unge Venstre framover vert å kutte i klimagassutsleppa, sikre meir fridom i skulen og å gjennomføre ei rusreform som flyttar behandlinga av brukarar frå straff til hjelp.

Å sikre ei rusreform er også hennar eiga hjartesak:

– Vi må slutte å straffe brukarar av illegale rusmiddel. Dagens ruspolitikk legg stein til byrda som allereie er til stades ved eit rusproblem, fortel Breivik.

Ane Breivik er nyvald leiar i Unge Venstre. Foto: Privat

Tidlegare i år la Solberg-regjeringa fram eit forslag til ei rusreform, der regjeringa mellom anna gjekk inn for avkriminalisering av bruk og innehav av mindre mengder narkotika.

Forslaget skapte mykje debatt, men vart stemt ned av Stortinget i juni då eit fleirtal samansett av Ap, Sp og Frp sa nei.

Harryhandel med Sponheim

Om Ane Breivik kunne invitert kven som helst – daud eller levande – på middag, hadde valet falle på tidlegare partikollega Lars Sponheim, som no er statsforvaltar i Vestland. Dei skulle ete billeg mat frå Sverige:

– Vi kunne harryhandla det på Svinesund saman. Han er ein mann eg har stor respekt for, som utvilsamt har bidrege til å forme både Venstre og norsk offentlegheit, meiner Breivik.

Lars Sponheim var leiar i Venstre i 14 år. I fjor melde han seg ut av partiet, fordi han meinte det var feil å vere partimedlem samstundes som han er statsforvaltar i Vestland. Foto: Caroline Roka, Venstre/Flickr/CC BY-SA 2.0.

– Kva gjer du på fritida/hobbyar?

– Eg pleidde å synge i kor, men må innrømme at eg ikkje var så flink til å dukke opp på øving. Politikk stel mykje tid, elles er eg glad i å lage mat og lese bøker.

Dette er boka Ane Breivik rår alle til å lese. Boka kom ut i 1961, og handlinga finn stad i andre verdskrig.

Om der er ei bok alle bør lese, så tilrår 23-åringen Catch-22 av amerikanske Joseph Heller:

– [Ho] inneheld ein viktig popkulturell referanse som ofte vert misforstått. Og Yossarian er ein helt.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Høyrer litt for mykje podkast og brukar uforholdsmessig mykje pengar på avisabonnement.

Den største tidstjuven i kvardagen til Breivik er likevel Messenger.

Pils i parken og klimamål

Den nyvalde Unge Venstre-leiaren fortel at ho ikkje trur på noko endeleg utopisk idealsamfunn, men at ho sjølv verdset store og små fridomar:

– Fridom til å reise på tvers av landegrenser, fridom til å drikke pils i park, fortel ho og held fram:

– Og så trur eg eit meir klimavenleg samfunn med grøn byutvikling er eit betre samfunn for dei fleste av oss. At vi kan gå, sykle eller ta kollektivtransport til jobb, til skule, til trening, for å hente ungane i barnehagen.

Om Ane Breivik hadde vakna opp i morgon tidleg til å sjå draumenyheita si i avisa, så hadde overskrifta sagt: «Vi når klimamåla våre».

Fem kjappe:

HUND ELLER KATT? Katt. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? Hyttetur. Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA? Pizza. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

GAME OF THRONES ELLER FRIENDS? Game of thrones. Foto: Helen Sloan/HBO, HBO Max.

ED SHEERAN ELLER BILLIE EILISH? Billie Eilish. Foto: Harald Krichel/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0 , Lars Crommelinck Photography/Flickr/CC BY 2.0


Les også: KrFU sin nye leiar ville invitert Angela Merkel på kebab!

KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland hadde helst invitert Angela Merkel på middag, og då skulle dei ete kebab. Foto: Pressefoto, © Raimond Spekking / CC BY-SA 4.0 (via Wikimedia Commons), Alex Kehr from Malibu, United States, CC BY 2.0. Kollasj: Framtida.no

Ane Breivik

Frå: Bærum, men har budd i Bergen dei siste fire åra.

Alder: 23

Yrke/utdanning: Gjekk fjerde året på jussen heilt til eg vart vald som leiar! Planen er å verte jurist, ein vakker dag.

Favorittfag på skulen: Geografi

Ulike verv: Leiar i Unge Venstre

Medlem i: Unge Venstre