Tips til deg som vil snakke om klima med vaksne: – Ikkje slå onkel med ei steikepanne

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har møtt mange som har reagert negativt på min klimaaktivisme som barn og ungdom. Eg trur dei reaksjonane kan stoppe barn og unge frå å snakke meir om klima og miljø, fortel Nora Heyerdahl. 

Ho har tatt saka i eigne hender, og skrive boka Ok boomer – og andre ting du kan si til onkelen din om klima.

– Instinktet kan vere at du får lyst å slå onkelen din i hovudet med ei steikepanne. Ikkje følg instinktet, men tren på å avvente og lytte.

Her er hennar tips til unge som vil ta klimapraten med vaksne:

  • Vis at du lyttar og respekterer det den vaksne seier. Sjansen for at dei høyrer på det du seier er større viss du viser at du respekterer dei.

 

  • Still mange oppfølgingsspørsmål. Prøv å lirke den du snakkar med i rett retning. I staden for å kjefte og spy ut fakta bør du stille opne spørsmål. Kva tenker du vi bør gjere for naturen? Kva forhold har du til naturen? Spør den vaksne om kva han/ho tenkjer om “naturen” i staden for å snakke om “klima”.

 

  • Bruk gode kjelder. Det må både vaksne og unge øve på. Snakk saman om kva som er gode kjelder. Då kan den vaksne også bli klar over kva som er ei god kjelde.

 

  • Finn fram til tema de er einige om. Viss den vaksne ikkje trur på klimakrisa, kan du spørje om kva han/ho tenkjer om forureining. Forureining er stort sett alle i mot. Dei tiltaka vi har mot klimakrisa er også i mot forureining. Då kan ein vera ganske einig sjølv om ein er ueinig om klimakrisa.

 

  • Sei noko om kvifor du tenkjer slik du gjer. Vis kjensler og fortel kva du er redd for at skal skje. Det kan påverke dei i positiv retning.

 

  • Det er viktig at vi unge tek praten om klima, men han må ikkje overskugge alt anna. Viss du droppar besteforeldra dine fordi dei ikkje tek klimakrisa på alvor, er ikkje det bra.

 

  • Hugs at familien skal vera ein trygg stad der alle også kan leggje frå seg diskusjonar. Det er mogleg å vera glad i kvarandre, og likevel ueinig om klima.

 

  • Hugs at den vaksne ikkje kjem til å endre meining i dag. Det er heilt greitt. Men kanskje det at du snakkar med han/ho kan endre meiningane deira på sikt.

Les også: Denne boka får deg til å forstå vindmølledebatten

Anders Totland er aktuell med boka «Vindmøllekampen: historia om eit folkeopprør».
Foto: Marius Knudsen / Omslag: Samlaget.