KrFU sin nye leiar ville invitert Angela Merkel på kebab

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi må aldri verte oss sjølv nok. Når vi veit at 45 prosent av alle barn som døyr før dei er fem år, døyr av underernæring – då meiner eg vi som rikaste land har eit ansvar for å hjelpe dei som treng det aller mest.

Hadle Rasmus Bjuland fortel om hjartesaka si på e-post til Framtida.no.

21-åringen frå Nærbø vart vald til ny leiar i Kristeleg Folkeparti Ungdom under landsmøtet førre helg. Han tek over etter Edel-Marie Haukland, som takkar av etter to år i vervet.

Om han kunne vakna opp til si draumenyheit i morgon, så hadde overskrifta også vore: «Ingen barn døyr lenger av svolt.»

– Då hadde vi verkeleg kome langt, konstaterer Bjuland.

Større draumar enn billigare bensin

Hadle Rasmus Bjuland tek over leiarvervet etter ein turbulent haust for moderpartiet.

KrF gjorde eit skuffande val og hamna under sperregrensa, og kort tid etter laut Kjell Ingolf Ropstad gå av som partileiar fordi han hadde oppgjeve feil opplysningar til Stortinget, noko som gav han skattelette.

– Valet gjekk ikkje som vi hadde håpa på, medgjev Bjuland og held fram:

– Men KrFU er ein sterk organisasjon med brennande idealistar – difor er det først og fremst veldig gøy og spanande å få lov til å leie laget vidare.

Illustrasjonsfoto frå Kristeleg Folkeparti si valvake på Vulkan Arena under stortingsvalet 2021.
Foto: Naina Helén Jåma / NTB

– Kva trur du vert viktig for vegen vidare for KrF og KrFU? 

– Vi må verte betre til å kommunisere kvifor KrF sin politikk trengst meir enn nokon gong. Vi treng eit parti i norsk politikk som har større draumar enn billigare bensin og som har politikk for dei som treng politikk.

– Nestekjærleiken må aldri stoppe ved svenskegrensa

Den påtroppande leiaren fortel at dei tre viktigaste sakene for KrFU anno 2021 handlar om bistand, klima og velferd.

– Vi må aldri verte oss sjølv nok, det handlar om å oppretthalde eit høgt bistandsnivå og hjelpe menneske på flukt. Nestekjærleiken må aldri stoppe ved svenskegrensa, slår Bjuland fast.

I tillegg vil ungdomspartiet arbeide for ein radikal klimapolitikk som kuttar utslepp og skapar nye grøne jobbar, samt sørgje for ein berekraftig velferdsstat:

– For å sikre at vår generasjon også kan ha eit godt velferdstilbod.

– Kva type leiar vil du vere?

– Eg ynskjer å vere ein open og raus leiar som varetek meiningsmangfaldet i organisasjonen – og som i tillegg frontar KrFU sin politikk på ein god og offensiv måte.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by Hadle Rasmus Bjuland (@hadlerasmus)

Sikra storebroren kommunestyreplass

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Eg ville få broren min inn i kommunestyret slik at han kunne tale mi og andre ungdom si sak der, og få på plass eit eige mobbeombod i kommunen. Vi lukkast med det første.

Då Hadle Rasmus Bjuland sin eldre bror, Olaus Trygve, stod på liste ved lokalvalet i Hå kommune i 2015 vart det eit felles familieprosjekt å sikre den då 17 år gamle Olaus plass, noko dei òg fekk til.

Bjuland poengterer at engasjementet hans no går mykje djupare enn enkeltsaker.

– Det handlar om den kristendemokratiske ideologien vår som byggjer på menneskets ukrenkelege verdi i ei fri verd der kvart menneske står fritt til å ta sjølvstendige val. I tillegg til at vi har eit ansvar for å hjelpe dei som treng det mest, forklarar 21-åringen.

Han trur ikkje det finst noko idealsamfunn, og er såleis også skeptisk til alle ideologiar som har det som mål.

Om Hadle Rasmus Bjuland kunne invitert kven som helst – levande eller daud – på middag, så hadde han valt den tyske avtroppande forbundskanslaren:

– Ville ete kebab med Angela Merkel. Høyrt korleis ho har bygd eit sterkt kristendemokratisk parti i Tyskland. Kebab fordi eg ikkje er så glad i fancy mat, forklarar han.

Angela Merkel representerer partiet CDU og har vore forbundskanslar i Tyskland dei siste 16 åra. Kven som tek over etter Merkel takkar av, er enno usikkert.

Tidstjuv i lomma og Harry Potter

Hadle Rasmus Bjuland held seg oppdatert ved å lese nettaviser, noko han gjer heile tida. Han hevdar å ha vorte litt miljøskadd av å byrje i politikken så tidleg, fordi det nok har gått på kostnad av andre fritidsaktivitetar.

– Men elles er eg veldig glad i å henge med vennar. Gjerne ei full leilegheit av folk, då koplar eg av.

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

– Burde nok svare pensumboka på studiet her, men det er definitivt mobilen, svarar Bjuland, som studerer økonomi og administrasjon.

Men om alle skulle lagt vekk mobilen eller pensumbøkene, så tilrår den påtroppande KrFU-leiaren at dei les Harry Potter-bøkene:

– Er framleis stor fan av dei.

Fem kjappe

HUND ELLER KATT? Hund. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? New York. Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA?
Taco. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

HARRY POTTER ELLER BEYONCÉ? Harry Potter. Foto: Murray Close

BEYONCÉ ELLER HELBILLIES? Går for Beyoncé her altså.

Hadle Rasmus Bjuland

Frå: Nærbø i Rogaland

Alder: 21 år

Yrke/utdanning: No leiar i KrFU (tidlegare rådgjevra for KrF si stortingsgruppe og permisjon frå økonomi og administrasjon-studium.

Favorittfag på skulen: Samfunnsfag

Ulike verv: Ei rekkje ulike verv i KrFU, vara til Stortinget for Rogaland KrF.

Medlem i: KrFU