Elevorganisasjonen er uroa for raudt nivå i skulen: – Store konsekvensar

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har så store konsekvensar for elevane. Raudt nivå vil på mange skular bety veldig mykje digital undervising, noko som er veldig problematisk for dei mest sårbare elevane.

Det seier Edvard Botterli Udnæs, leiar i Elevorganisasjonen, til VG, som først omtalte saka.

Elevorganisasjonen er kritisk til at regjeringa har innført raudt nivå på alle vidaregåande skular i landet. Skulane må ikkje stenge ved raudt nivå, men det innber auka avstand og mindre grupper elevar.

Klump i halsen

Udnæs meiner at ein heller bør ta avgjerder om tiltaksnivå basert på den lokale smittesituasjonen. Han fryktar raudt nivå vil gå utover både det faglege utbyttet og det sosiale livet til elevane.

– Eg er kjempebekymra. Eg sit med ein konstant klump i halsen no. For fleire elevar er ikkje jula ein fin ting frå før. Dette gjer verkeleg ikkje situasjonen noko betre, seier han til avisa.

Raudt nivå i vidaregåande skule vil gjelde frå torsdag 16. desember.

Også yngre elevar blir påverka

Også elevar i grunnskulen blir påverka av dei nye smittevernstiltaka. På ein pressekonferanse måndag kveld melde regjeringa at alle grunnskular og barnehagar frå og med torsdag går til minimum gult nivå.

Ifølgje NTB er det no fleire kommunar som innfører heimeskule på grunn av høgt smittetrykk.

– Det er veldig viktig for oss å skjerme barn og unge så langt det lèt seg gjere, så dei kan vere på skulen og i barnehagen. Når vi no endrar til gult og raudt nivå, er det for å hindre smitte og sørgje for at elevar og lærarar held seg friske og kan vere på skulen, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).


Illustrasjon: Oda By

Fakta

Raudt nivå:

  1. Ingen sjuke skal møte på skulen

2. God hygiene og forsterka reinhald

3. Kontaktreduserande tiltak:

Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
Dele inn elevar i mindre grupper – mål: halvere talet på kontaktar
Elevar bør ha faste plassar i kvart klasserom eller faste samarbeidspartnarar/-grupper
Avstand mellom tilsette (minst éin meter) i alle situasjonar
Tilsette kan veksle mellom klasser
Avstand mellom elevar/tilsette (minst éin meter) i alle situasjonar
Unngå trengsel og store samlingar
Vurdere alternerande oppmøtetider/alternative lokale
Delvis digital undervising

Kjelde: udir.no