Færre vil ha like sterke tiltak mot klimakrisa, som mot koronapandemien

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samtidig som klimatoppmøtet i Glasgow startar, viser Opinions koronamonitor at få vil ha tiltak som minner om koronatiltaka.

19.000 nordmenn er i pandemien spurde om styresmaktene bør innføre like kraftige tiltak for å stoppe klimakrisa, som vart brukt mot pandemien.

Les også: Inga skjerping av norsk klimamål på COP26

Ned 10 prosent sidan august

I oktober svarer 27 prosent av dei spurde ja, medan halvparten seier nei. Resten (23 prosent) svarar veit ikkje. Delen som seier ja, har ikkje vore lågare det siste året.

– Fokus på klimaet svekte seg i haust gjennom valkampen og i gjenopningsfasen av Noreg. Klimatoppmøtet som no startar, kan fort endre på det, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

I august meinte 37 prosent at klimakrisa burde møtast med like kraftige tiltak som pandemien.

Les også meiningsinnlegget: «Stortingsvalet er, og blir, eit gufs frå fortida. Unge bør krevja eit radikalt annleis demokrati»

Fleire kvinner enn menn

I oktober er det stor forskjell mellom kva kjønna svarer. Medan 34 prosent av kvinnene seier ja, seier 22 prosent av mennene det same.

Ein av tre seier dei trur koronapandemien vil redusere klimaproblema på kort sikt, medan 36 prosent seier nei og resten veit ikkje. Delen som seier ja, er 17 prosentpoeng lågare enn gjennomsnittet i pandemien.

Berre 15 prosent trur pandemien vil redusere klimautfordringane på lang sikt.

Les også: Malin og Øyvor har sett klimaendringane med eigne auge: – Har lært ting me eigentleg ikkje vil vita

Malin Kvaal Bergland (15) og Øyvor Johanne Gjerde (15) seier dei har vorte litt borskjemde det siste året. Foto: Norsk Polarinstitutt