Nok ein gong fell «klimavalet» i fisk. Det er ikkje unge veljarar si skuld, men skuldast eit demokrati der folk knapt deltar.
mm

«Klimavalet 2021» skulle bli eit vendepunkt i norsk politikk. Omsider var klima- og miljøkrisa blitt hovudsak i valkampen, etter å ha vore norske veljarar si største bekymring i årevis. Til og med olje- og gasspolitikken, der alliansen Ap, Høgre, Frp og Sp hadde sørga for «føreseielege rammevilkår» på ubestemt tid, var plutseleg under diskusjon.

FNs klimapanel IPCC kom midt oppi dette med sin sjette hovudrapport, som er dyster lesnad på planeten og menneskeslekta sine vegner. I bakhovudet til norske veljarar låg flomkatastrofar og ekstremvêr med stadig verre konsekvensar.

Det var lite å juble for i MDG under årets stortingsval. Men det at partiet kom under sperregrensa skuldast først og fremst vår demokratiske utforming, som favoriserer middelaldrande sine interesser, og er fullstendig ueigna til å handtere klima- og miljøkrisa, skriv artikkelforfattaren. Derimot bør vi inkludera folk langt meir enn annakvart år, gjennom radikale demokratiske endringar, meiner han. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK

På valdagen var fasiten likevel svært laber for miljøpartia – SV, MDG og Venstre gjekk samla fram 2,5 prosentpoeng. Om ein tar med partiet Raudt, er ein oppe i litt meir respektable 4,8 prosentpoeng framgang, men lite tyder på at Raudt sin framgang skuldast klima- og miljøkrisa.

Dette er langt under det prognosane indikerte for miljøpartia før valet: på enkeltmålingar ein månad før valet var MDG til dømes oppe i over sju prosentpoeng; SV låg i snitt på over ni prosentpoeng like før valet.

Gubbevelde alt no, og eldre blir vi

Slik er no ein gong demokratiet, er det intuitivt å tenkje. Ja, og nett der ligg problemet. Med dagens innretting av demokratiet vil valet alltid bli eit gufs frå fortida. Klima- og miljøkrisa vil ikkje bli tatt på alvor før vi gjennomfører radikale demokratiske endringar.

Middelaldrande nordmenn utgjer i dag det demografiske tyngdepunktet, og har såleis størst innverknad på politikken. Desse bekymrer seg samstundes minst over klima- og miljøkrisa, er minst villige til å gjera noko med den, og er mest skeptiske til om den i det heile tatt eksisterer.

Med dagens innretting av demokratiet vil valet alltid bli eit gufs frå fortida

Samstundes blir veljarmassen eldre for kvart år som går.

Under normale omstende er ikkje dette nødvendigvis urettvist. Men akkurat i klima- og miljøkrisa, har politikken som blir ført i dag langt større innverknad på barn, unge og dei som endå er ufødde, enn den har på dagens eldre.

Konsekvensane av krisa blir større med tida, og dei som dør om ti år vil neppe få oppleva det verste.

Dagens eldre avgjer livsgrunnlaget til neste generasjon

Eit demokratisk grunnpremiss er at dei som blir mest påverka av politikken, også skal ha mest innverknad på den. Dette kallar ein gjerne prinsippet om preferanseintensitet, og det blir ivaretatt blant anna gjennom høyringar, der råka partar kan få uttala seg om politikken.

Men framtidige generasjonar kan ikkje senda høyringsuttale; barnehagebarn kan ikkje tale for seg; 16-åringar er endå ikkje røysteføre.

Vi koloniserer framtidige generasjonar, meiner samtidsfilosof Roman Krznaric. Slik blir det når demokratiet tar langt større omsyn til middelaldrande enn oppveksande og framtidige generasjonar, skriv artikkelforfattaren. Foto: Kate Raworth

Dermed teiknar det seg opp ein kolossal demokratisk asymmetri, der dei klimapolitikken i størst grad råkar, har liten eller ingen innverknad på klimapolitikken. Det gjer valdemokratiet som vi har slått oss til ro med spektakulært ueigna til å handtera vår tids største utfordring.

Det er dette som får samtidsfilosofen Roman Krznaric, med rette, til å seia at vi koloniserer framtidige generasjonar – vi tar skjebnesvangre avgjerder på deira vegne, utan at dei er involvert.

Derimot er det dei som knapt får oppleva konsekvensane av klimakrisa, som får siste ordet. Kjem vi til å halda oss under 1,5 eller 2 grader oppvarming? Det er opp til dagens middelaldrande å avgjera – som sjølv har lite å frykte.

Politikk som eit nødvendig vonde

Så, korleis utforma eit demokrati som ikkje artar seg som eit gubbevelde? Eit godt første steg er å gå vekk frå tanken om at demokrati er noko som finn stad eit par dagar i september annakvart år.

Vi har, som den fransk-amerikanske statsvitaren Hélène Landemore hevdar, misforstått demokrati. Valet er, ifølgje Landemore, aristokratisk – ikkje demokratisk. Det er ein måte å la dei få herska over dei mange, å gi nokre få utvalde eit forsprang overfor dei mange andre når det gjeld makt og kunnskap.

Hélène Landemore er professor i statsvitskap ved det amerikanske Yale-universitetet. Hennar nye bok «Open Democracy» har skapt stor merksemd for si radikale forståing av demokrati, som tar til orde for langt meir folkeleg deltaking. Foto: Yale University

Demokrati er blitt redusert til å peika ut kven som skal styra frå tid til anna.

Sidan Thomas Hobbes på 1600-talet har politikk blitt definert i negativ forstand: som eit nødvendig vonde som gjer det mogleg for folk å leva saman, eit sett med trafikkreglar for å ordna menneskeleg samhandling. Etter dette synet er mennesket i utgangspunktet fritt, men staten må legga band på denne fridomen til beste for fellesskapet. Fridom og staten blir såleis motsetningar, der meir av den eine alltid betyr mindre av den andre.

Dersom Ap skiltar med Big Mac, er det ikkje lenge før Senterpartiet kjem med sin Whopper.

Grunngjevinga for politikken er her instrumentell, i den forstand at den ikkje er eit mål i seg sjølv, men utelukkande eit middel for å oppnå visse føremål, slik som tryggleik for borgarane. Det mest nærliggande blir derfor å overlata politikken til profesjonelle, mens folk som er opptatte av eigen fridom bør ha minst mogleg med staten å gjera, som jo er basert på fridomsinnskrenking.

I tråd med dette synet er staten i våre dagar redusert til ein tenesteytar, som alltid skal gjerast meir effektiv. Og politikk er blitt ein konsumerbar storleik, der det gjeld å overby kvarandre. Dersom Ap skiltar med Big Mac, er det ikkje lenge før Senterpartiet kjem med sin Whopper.

Men vår tids politikk som missekonkurranse er spesielt mangelfull i møte med klima- og miljøkrisa, der politikken faktisk krev store offer frå folk flest.

Klimakrisa blir ikkje løyst av at folk får seg Tesla i staden for dieselbil, og bruker papirpose i staden for plast. Ein kjem ingen veg før folk gir opp store delar av det forbruket dei er blitt så vane med, og før politikken blir noko anna enn ein salsplakat.

Politikk som sjølvrealisering

I den vestlege verda, er delen av befolkninga som røyster ved val på veg ned, og folk si tiltru til demokratiske institusjonar er raskt søkkande. På toppen gir altså klima- og miljøkrisa oss eit akutt behov for demokratisk nytenking.

Slik nytenking finn vi ei kime til i veldig gammal tenkning. For Aristoteles går vegen til eit godt og lukkeleg liv gjennom eit liv i samsvar med vår natur. Ettersom menneska er sosiale dyr, er det såleis uråd å leva i samsvar med sin natur utan å ta del i politikken. Politikken er her ei grein av etikken, ein måte å realisera gode liv i fellesskap på, og såleis langt meir enn effektiv tenesteyting.

Vår særeigne menneskelege evne til fornuftig tale, skriv Aristoteles, blir meiningslaus utan andre å tala med. Det politiske liv blir såleis ein del av menneskets sjølvrealisering. Ikkje minst blir det absurd å spørja om vi bør ta del i dette politiske fellesskapet eller ei, for kva er eigentleg individet utan fellesskapet det er del av?

Eg-et er nettopp sosialt og politisk, ifølgje Aristoteles. Det består i å ta del i slike fellesskap, der eg-et får realisert sin natur. Utanfor fellesskapet finst ikkje noka «eg».

Fridomen ut av individet

I nyare tid har Hannah Arendt vidareført eit liknande syn. Ho meinte det var absurd å snakka om fridom som noko som soknar til vilja og individet, mens staten berre var til for å innskrenka denne. Tvert imot er ivaretaking av fridom grunnen til at staten eksisterer, mens heile den moderne tid har skapt eit kunstig skilje mellom dei to.

For Arendt oppstår fridom i det mellommenneskelege, ikkje i at menneske blir overlatne til seg sjølv. Fridom finn stad når aktive borgarar deltar politisk og meislar ut ein felles røyndom – ein prosess som også formar identiteten til dei som deltar i denne kollektive handlinga.

Her blir politikken ikkje eit middel for å tena visse på førehand eksisterande interesser, men ein spontan arena der fridom spelar seg ut, og der mennesket realiserer seg sjølv.

Politikk av, for og med folket

Dersom ein forstår staten og politikken på denne måten, er det også innlysande at politikk ikkje bør overlatast til politikarane. Tvert imot vil det vera god grunn til å setja i verk mange av ideane Hélène Landemore lanserer i si nye bok «Open Democracy».

Landemore vil involvera så store delar av offentlegheita som mogleg, i så mange avgjerder som mogleg, og viser til at det faktisk ikkje er slik at dei lengst utdanna tar best avgjerder i fellesskap. Snarare har mangfald innad i ei gruppe positiv innverknad på avgjerdene (viss ein no kan snakke om «riktige» politiske avgjerder).

Ein viktig del av dette, er det Landemore kallar «mini-offentlegheiter» («mini-publics»), forsamlingar av menneske på mellom 150 og 1000 menneske, tilfeldig trekt ut som i eit lotteri, som skal ta seg av statsstyringa i ein avgrensa periode, før dei blir avløyst av neste utval. Folkerøystingar skal vera eit supplement til dette, og involverer også resten av befolkninga.

Utan å måtte tenka på attval, er håpet at folk i slike forsamlingar skal kunne ta avgjerder ut i frå eiga overtyding, heller enn kva som er mest populært. Tidlegare forsøk tyder også på at meiningane i slike forsamlingar nærmar seg kvarandre, heller enn å bli meir ekstreme.

Det kan vera nyttig i ei tid der oljebrøl og klimabrøl roper hòl i hovudet på kvarandre. Men det viktigare poenget her er nettopp at politikken ikkje alltid er nyttig – den er ikkje berre ein reiskap som skal tena oss på mest effektivt vis, men kan også vera eit mål i seg sjølv.

Og dersom politikken er konstitutiv for fridom og menneskeleg identitet, ein sentral del av det å vera menneske, har kanskje dei to tyske kommentatorane Hedwig Richter og Bernd Ulrich rett i sitt utsegn: «Demokratiet må ikkje “levere”, demokratiet er leveransen».


Les også saka om korleis ungdomspartia får mindre plass i media: – Fortener å bli tatt på alvor

Isa Maline Isene er leiar for Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner. Foto: Sverre Øygarden Eikill, LNU
Oppdatert: tysdag 2. november 2021 12.46
ANNONSE