Inga skjerping av norsk klimamål på COP26

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har ei internasjonal forplikting som står der, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

– Så har vi sett eit politisk mål i Noreg på toppen av det. Det er eit norsk mål, seier han.

Bakteppet er at Arbeidarpartiet og Senterpartiet i regjeringsplattforma frå Hurdal lovar å kutte utsleppa av klimagassar med 55 prosent frå 1990-nivå innan 2030.

Kjem ikkje til å melde forsterka mål

Det målet Noreg har meldt inn til FN, er derimot eit kutt på «minst 50 prosent og i retning av 55 prosent». Dette vart meldt inn av den borgarlege regjeringa i 2020.

Eide gjer det klart at Noreg ikkje kjem til å melde inn noko forsterka mål i samband med klimatoppmøtet COP26, som går av stabelen i den skotske byen Glasgow frå 31. oktober til 12. november.

– Vi har ikkje tenkt å gjere det no. Så får vi sjå på sikt, seier han.

Felles klimamål

Eide forklarer at målet på 50–55 prosent er tett knytt til den norske avtalen med EU om felles oppfylling av klimamåla. Det er dette som den juridisk bindande internasjonale forpliktinga Noreg har teke på seg, fastslår han.

– Så har vi lagt nasjonalt politisk mål på toppen av det, som er alvorleg meint, og som vi skal oppfylle, seier han.


Foto: Pressefoto: Kollasj: Framtida.no