NTNU vert meldt for brot på diskrimineringslova

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innan 2023 skal NTNU sitt nybygg Helgasetr stå klart. Der skal universitetet samle helse- og sosialfaga og Studentsamskipnaden sine idretts- og servicetilbod.

Tidlegare i oktober signerte kring 80 tilsette frå 10 ulike institutt eit opent brev, der dei kritiserte NTNU for å ikkje ta universell utforming på alvor i nybygget.

No skuldar fem organisasjonar NTNU og Statsbygg for å bryte plikta om universell utforming.

– Vi har difor valt å melde NTNU og Statsbygg til Diskrimineringsnemnda for brot på diskrimineringslova, seier regionkontorleiar Kristian Lian i Norges Handikapforbund Trøndelag til Universitetsavisa, som først omtala saka.

Han uttalar seg på vegner av organisasjonane som står bak meldinga: Norges handikapforbund, Norges Blindeforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Norges Døveforbund og Hørselhemmedes Landsforbund.

Diskriminerande hinder

Ifølgje avisa meiner organisasjonane at NTNU og Statsbygg bryt diskrimineringslova fordi dei ikkje har lagt til rette for brukarmedverknad og fordi dei ikkje viser vilje til å fjerne diskriminerande hinder.

Handikapnytt skriv at klagen særleg viser til tre forhold: utilgjengelege sosiale soner; bruk av glas som kan vere problematisk for personar med nedsett høyrsel eller syn; og dårleg heiskapasitet.

Statsbygg opplyser til avisa at dei sosiale sonene midtvegs i trapper no er tekne ut av prosjektet. Samstundes peikar kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim på at målingar syner at akustikken er vareteken, trass bruk av glas, samt at glasflater er merkte.

Ho opplyser òg om at Statsbygg ser på mogelegheita for seinare installasjon av ein ekstra heis.


Amir Hashani synest det er skummelt at personar med funksjonsnedsetjing møter så mykje diskriminering og hat i 2021. Foto: Bente Kjøllesdal