Bø Sommarland lanserer solsikkemerke for usynlege funksjonsnedsetjingar

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me fekk tilbakemeldingar om at det allereie var bra, men at mykje framleis kunne gjerast for å bli betre, seier Anne-Bjørg Haugan, som er prosjektleiar i «Inkluderande reiseliv i Telemark».

For å passa på at alle som kjem på besøk til Bø føler seg ivaretatt, har ho saman med fleire bedrifter i kommunen jobba med prosjektet «Inkluderande reiseliv» sidan 2019. Der vart det tatt opp om det var behov for ei merkeordning, som kunne gjera opplevinga til besøkjande med usynlege sjukdommar betre.

– I England har dei noko som heiter «The Hidden Disabilities Sunflower». Den ordninga vart starta opp på Gatwick flyplass, slik at dei betre kunne hjelpa besøkjande med usynlege sjukdommar, seier Rene Langeveld Sas, som er direktør i Bø Sommarland.

Ein million med funksjonsnedsetjingar

Dette syntest dei også var ein god idé for Bø. Bedriftene fekk innvilga midlar til prosjektet og fekk med seg Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon på laget.

– Det er veldig gøy og utfordrande, seier Langeveld Sas.

I dag er det ein million menneske i Noreg som har ei eller anna form for funksjonsnedsetjing, som både kan vera synleg og usynleg. Dei usynlege er mellom anna angst, ADHD eller tiks.

I Sommarland kan dei som vil, få eit armband med solsikker på. Det skal visa dei som jobbar der at du kan ha bruk for litt assistanse, litt hjelp eller rett og slett litt ekstra tid.

– Solsikkebandet gir oss som jobbar i parken ei moglegheit til å tilpassa personleg. Det kan bety å komma fremst i køen, eller å bli vist til ein plass du kan roa ned viss det blir litt mykje inntrykk, seier han.

– Det er null grunn til å gøyma seg

Langeveld Sas fortel at det er heilt frivilleg om ein ynskjer å nytta seg av tilbodet, men at det viktigaste er at publikum veit at det finst eit tilbod – dersom dei treng det.

– England har vist oss at ordninga fungerer. Det er litt skummelt å vera først ute, men det er berre å hiva seg ut i det.

Til dei som kanskje synest det er litt flautt å visa at dei har ein skjult sjukdom i form av eit armband, er han klar i si sak:

– Ikkje ver redd. Veldig mange har usynlege sjukdommar. Verda ligg der – det er null grunn til å gøyma seg. Bandet er berre å røska av dersom det ikkje fungerer for deg.


Halldis Toft-Tønnessen vann skrivekonkurransen til Framtida.no, Magasinett og Den norske Helsingforskomité. Foto: Cecilie Johnsen/Unsplash, Privat. Kollasj: Framtida.no