Sju bunadsmytar det er på tide å pensjonere

Framtida
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs Ungdomslag har laga pamfletten «Bunad for alle». Der knusar ungdomslaget nokre seigliva bunadsmytar.

«I gamledagar tok dei det dei hadde, så difor kan eg ta det eg har bruk for til bunaden min»

Ja, sjølvsagt kan du det. Men dersom du ønskjer å ha ein bunad som liknar på dei historiske førebileta, så held ikkje dette argumentet. Dei hadde ikkje så mykje å velje mellom før, og dei hadde eit heilt anna syn på kva som var stygt og pent, og kva som passa seg og var sømmeleg. Så sjølv om du kan gjere som du vil, så vil du truleg også endra bunaden din vekk frå det historiske opphavet.

«Ein kan ikkje bruke sminke, solbriller, 17. maisløyfe eller klokke til bunaden»

Sludder og vås. Det finst ikkje noko sminke eller moderne tilbehøyr som høyrer med til bunaden, sjølv om kreative sjeler har laga både paraply, slips og hårpynt. Bruk det du likar eller treng.

«Alle må ha hovudplagg til bunaden»

Må vi det? Dei aller fleste bunader har tilhøyrande hovudplagg, forseggjorte og tradisjonsrike. At tilbehøyret finst, betyr ikkje at ein treng å sy, kjøpe eller bruke det.

Foto: Inger Johanne Ruset / Noregs Ungdomslag; Hedvig Ølmheim / Noregs Ungdomslag

«Ein må ha bunadsko og svarte strømper til bunad»

Nei, det må ein ikkje. Bunaden brukast ofte på dagar ein skal stå og gå mykje, og då er det betre å velje gode sko anten det er bunadsko, joggesko eller sandalar. Dessutan finst det både strømper i alle slags fargar, og alle kan vere fine til bunaden.

«Skjorta skal ha strykekant»

Det kan den jo ha, men det er sannelig ikkje lett å unngå skrukkete linskjorter. Det kjem av at linfibrane er stive, og stivare blir dei av stryking. Dei knekk og lager skrukkar på skjorta så fort du ser på dei. Skjorta held seg lenger om du ikkje bruker for mykje varme på strykejarnet.

«Ein kan ikkje feste i bunad»

Nei tenkje seg til, ein må stå skulerett heile dagen! Sjølvsagt kan ein ha det moro i bunad. Vi vil oppmode til generell folkeskikk, men det gjeld alle, med og utan bunad på.

«Du brukar bunaden feil»

Bunadpolitiet kjem! Det kan hende du får høyre av nokon som meiner dei har rett til å fortelje deg at i deira auge, så bruker du bunaden din feil. Da kan det vere greitt å minne dei på at sjølv- oppnemnt bunadpoliti ikkje har noko myndighet eller sanksjonsmoglegheit, og du kan gjere nett som du vil. Bunaden er mangfaldig, hald fram å bidra til mangfaldet.

Heller ikkje Jenny Skavlan er særleg uroa for bunadspolitiet: