Bakteriar kan gjere garderoben din meir klimavenleg

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den gensaren du kjøper på H&M til 199 kroner har ein høgare klimakostnad enn du kanskje tenkjer over i det du dreg kortet i kassa.

Kvart ledd i produksjonen fram til du tek med deg plagget heim fører til utslepp – gjennom produksjonen av naturleg tekstil som bomull eller framstilling av eit syntetisk stoff, veving, farging, sying og transport.

Ifølgje FNs miljøprogram står moteindustrien for 10 prosent av verdas CO2-utslepp, meir enn alle internasjonale flyreiser og skipsfrakt. Samstundes er klesproduksjonen ein storforbrukar av vatn, og når vi vaskar kleda vi har teke med heim renn mikroplast ut i hava.

No eksperimenterer danske forskarar og designarar med kor vidt bakteriar kan kutte klima- og miljøkostnaden.

Det melder forskningsformidlaren Videnskab.dk.

Bryt den lange produksjonskjeda

– Dette vil fundamentalt endre måten vi produserer tøy på, om det lukkast. Heile den lange verdikjeda – frå du sår bomull på ei mark til du har eit produkt som heng i butikkane – vert fullstendig broten, fortel student og forskingsassistent Maria Viftrup til Videnskab.dk.

Ho vart kåra til årets unge talent då Danish Design Award vart delt ut i 2019 for arbeidet sitt og fokuset på berekraft.

På Designskolen Kolding utforskar ho alternative måtar å lage tøy:

– Vi eksperimenterer med å gro bakteriar til ulike formål. Og vi har granska måtar ein kan gro bakteriar til materiale, fortel Maria Viftrup i ein YouTube-video.

Om ein kan framstille bakterie-material i ein lab, kan ein hoppe over mange av stega i tradisjonell klesproduksjon.

Bakterietekstil

Maria Viftrup lagar tekstil av den bakterielle prosessen som skjer når ein lagar den fermenterte teen kombucha.

Materialet gror når ei væskeblanding av vatn, te, sukker og eddik får tilsett ein gjærkultur – sokalla SCOBY. Då veks det cellulose.

Designstudenten fortel at ein kan gro materialet i ei form, slik at ein slepp klippe og sy det, og ein kan gro det i ulike tjukkleikar og kvalitetar – alt etter kva ein skal bruke det til.

Sakte, men sikkert, veks massen ut mot kantane i forma den er i. Sluttproduktet vert vaska med basisk såpe, og minner om ei blanding av lær og papir.

Skjermdump frå YouTube-filmen til Videnskab.dk

Bakterieblå bukser

Eitt anna område der bakteriar mogelegvis kan ta over for meir miljøskadelege alternativ, er innan materialfarging.

Årleg vert det framstilt 50.000 tonn av blå indigofarge gjennom kjemisk syntese, ein prosess som involverar både kjemikaliar, tungmetall og syreavfall, samt krev mykje vatn. Indigofargen har du truleg sett, for den vert mest brukt til å farge dongeri.

På Danmarks Tekniske Universitet har forskarar klart å utvikle eit alternativ: Dei framstiller den blå indigo-fargen ved hjelp av bakteriar.

Forskarane gror bakteriar i væskefyte kolber, og skil fargeevna i bakteriane ut i væska. Om ein dyppar bomullen i væskeblandinga og behandlar det med eit ekstra enzym, så vert bomullen blå. Same fargen, på meir miljøvennleg vis.

– Sjølve prosessen minner eigentleg mykje om korleis ein ville farga tekstila kjemisk. Vår metode er berre mindre miljøskadeleg, fordi væska vert danna av bakteriar i staden for kjemikaliar, seier forskar og gruppeleiar Ditte Hededam Welner til Videnskab.dk.

– Kjempepotensial

Designstudent Maria Viftrup poengterer at det framleis er mange utfordringar med det alternative bakterietekstilet ho arbeider med.

Materialet er til dømes bionedbrytbart, noko som jo er eit pluss for miljøet, men det skapar òg problem som at kombucha-materiale trekker til seg vatn.

Førebels er forsøket viktigare enn sluttproduktet, ettersom det viser mogelegheitene som finst, konstanterer Maria Viftrup:

– Det er eit kjempepotensial i dette

Den finske førstedama Jenni Haukio hadde på seg ein kjole laga av bjørk før jul. Portrettfoto: Vesa Moilanen/Lehtikuva