Reagerer på kutt i stønaden til mental helse-chat: – Ein kan ikkje berre komme med fagre løfter

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mental Helse Ungdom (MHU) fekk 1 million kroner til å drive hjelpechatten i 2021. Desse pengane er fjerna i budsjettforslaget for 2022.

– Eg synest det er overraskande og trist. Dette er kanskje den best investerte millionen for styresmaktene på dette feltet, seier generalsekretær Adrian Tollefsen.

No håpar han den påtroppande regjeringa vil snu. Utan pengar frå staten må chattetenesta truleg reduserast i 2022 og leggast ned i 2023.

1.139 samtalar i år

Så langt i 2021 har det vorte halde 1.139 samtalar på chatten. Talet sidan juli i fjor er 1.606.

48 prosent av dei er mellom 18 og 25 år. 10 prosent er 15–17 år, medan 15 prosent er 25–29 år.

Dei ti mest vanlege samtaletemaa er depresjon, sjølvmordstankar, kjærleik, angst, einsemd, venskap, eteforstyrringar, overgrep, skulestress og sjølvskading.

I snitt varar ein samtale i 36 minutt.

Driven av frivillige

Tollefsen understreker at pengane går til å støtta opp om frivillig arbeid. Berre 28 prosent av budsjettet til MHU kjem frå det offentlege – resten er private gåver og innsamla midlar. Staten får fire gongar så mykje tilbake for pengane, slår Tollefsen fast.

Chatten vert driven av to tilsette medarbeidarar, med hjelp frå 40 frivillige som har kompetanse om temaet eller jobbar med det i det daglege. Målet er å auka talet til 60 frivillige.

Pengane går til opplæring, kompetanseheving, rettleiing og rådgiving for samtalepartnarane. Det krev mykje arbeid å sørge for at dei frivillige har kunnskapen og tryggleiksnettet dei treng for å gjere ein best mogleg jobb, fortel Tollefsen.

Foto: Priscilla Du Preez/Unsplash

Han ventar at den påtroppande regjeringa ser nytten av MHU som aktør, og av tilbodet deira som eit supplement til det offentlege.

– Høgre og Ap har eit likt syn på tydinga av psykisk helse og frivillig arbeid. Då er det uforståeleg at vi står der vi står no. Ein kan ikkje berre komma med fagre løfter; ein må også faktisk innfri, seier han.

– Tettast på born og unge

Chattetenesta vart oppretta 2. juli 2020. I fleire år hadde MHU sett at dei eksisterande hjelpetelefonane og -chattane vart drivne av vaksenorganisasjonar. Medlemene oppmoda om at MHU burde oppretta ein eigen hjelpechat.

– Vi står tettast på born og unge. Organisasjonen er eigd av unge menneske som sjølv har kjent psykiske plager på kroppen. Vi kan innrette oss på ein heilt annan måte enn vaksne og dei andre organisasjonane kan, seier Tollefsen.

Han seier at det er trist om berre dei tradisjonelle aktørane skal vera att, sjølv om dei har gode tilbod.

– Veldig mange kjenner seg godt til rette med å kunne chatte anonymt framfor å måtte ringe. Under covid har det vore essensielt. Auken vi såg under pandemien, har ikkje gitt seg, og han kjem ikkje til å gi seg, spår Tollefsen.

– Vi trengst

Chatten vart oppretta med berre privat finansiering, men etter at pandemien kom, og mental helse blant ungdom kom på dagsordenen, vart MHU kontakta av helse- og omsorgsdepartementet.

Departementet ville støtte drifta av chattetenesta med 500.000 kroner siste halvdel av 2020. Året etter fekk MHU finansiering gjennom statsbudsjettet. Finansieringa som no er truga.

– Bidraget vi har fått frå staten, er ei erkjenning av at vi trengst, seier Tollefsen. 

Oslo 20211012.
Regjeringens forslag til statsbudsjett for 2022 ble tirsdag presentert i Stortinget.
Foto: Javad Parsa / NTB