Fleire unge er uføre, slit og er bekymra

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samstundes viser tal frå Nav at det var 21.201 uføre under 29 år i Norge ved utgangen av første halvår.

– Det er eit historisk høgt tal. 350 unge vaksne mellom 18–29 år er blitt uføre dei siste 12 månadane. Det er nesten ein person kvar einaste dag, seier Helge Skjerven, rådgjevande lege i Frende Forsikring i ei pressemelding.

60 prosent med auka økonomiske bekymringar

1000 studentar har deltatt i undersøkinga som er utført av Sentio for forsikringsselskapet.

1 av 3 seier at dei har kjent på auka psykiske helseutfordringar sidan starten av pandemien. Halvparten kjenner meir uvisse og håpløyse, medan nesten 60 prosent seier at dei kjenner på auka økonomiske bekymringar.

– Alt dette påverkar psyken. Å gå rundt med slike bekymringar over tid er ikkje bra. Eg håpar studentar som ikkje føler at dei handterer bekymringane godt nok sjølv, ber om hjelp, seier Skjerven.

Redde for langvarig sjukdom

Dei unge kjenner ikkje berre til uføre i eigen omgangskrets. Mange går også med ei frykt for å ende i same situasjon sjølv.

– Vi har også spurt studentane om dei er bekymra for å bli langvarig sjuke sjølv. Heile 2 av 3 svarer at dei er det, seier Helge Skjerven.

Les også: Studentane er meir bekymra for jobbutsiktene etter koronapandemien