Marta (25) reagerer på at rike land kjøper seg fram i vaksinekøen: – Me er alle menneske

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ser på nyheitene at land som har pengar kan kjøpa vaksinar for å redda sine innbyggjarar, seier Marta Mahumane (25) via videosamtale på WhatsApp til Framtida.no.

Mahumane studerer biologi i den mosambikiske hovustaden Maputo og er aktiv i organisasjonen Amodefa, som jobbar for reproduktive og seksuelle rettar. Ho har ansvar for fleire frivillige, noko som er vorte ei meir utfordrande rolle med korona.

I likskap med norske studentar har ho vorte nøydd å studere digitalt, men der norske studentar har godt nett, bryt nettet fleire gonger medan me snakkar med Mahumane.

25-åringen peikar på at heimlandet Mosambik er fattig og diverre kjem langt bak i vaksinekøen.

– Me er alle menneske og treng ei god helse, seier ho.

Då korona kom til Afrika

Det afrikanske kontinentet var lenge mindre råka av korona, enn Europa og Amerika, men med den andre bølgja har dette endra seg.

Nyleg passerte verdsdelen 100.000 koronadødsfall.

Mykje av grunnen til dei høge smittetala er den sørafrikanske mutanten av koronaviruset, som er svært smittsam. I tillegg har varianten skapt trøbbel for Sør-Afrika då det viste seg at Oxford-AstraZeneca-vaksinen ikkje var så effektiv mot den sørafrikanske varianten.

Landet må difor selja vaksinene dei først hadde kjøpt, og har no sett i gang med 80.000 dosar av Johnson & Johnson, ifølgje BBC.

Biletet frå august 2020 viser menneske som står i matkø i den nordlege regionen Cabo Delgado i Mosambik. Stadige åtak frå islamistiske ekstremistar har sendt over éin halv million på flukt i eige land. Foto: Falume Bachir/World Food Program via AP

Mosambik grensar til Sør-Afrika og er eitt av verdas fattigaste og mest katastrofeutsette land.

Etter nyttår har kurva med tal på koronasmitta og dødsfall i Mosambik peika bratt oppover. Landet har no registrert 56.595 smittetilfelle og 606 dødsfall, ifølgje Worldometers.

I hovudstaden Maputo er det innført strenge tiltak og lockdown nattestid, men landet er eitt av mange som framleis ikkje har fått vaksinar.

Ngozi Okonjo-Iweala frå Nigeria er ny direktør i Verdas handelsorganisasjon. Foto: Det internasjonale pengefondet

Ny WTO-leiar åtvarar mot «vaksine-nasjonalisme»

Då nyheita kom om at nigerianske Ngozi Okonjo-Iweala vert ny leiar i Verdas handelsorganisasjon (WTO), åtvara ho mot «vaksine-nasjonalisme».

– Ingen er trygge før alle er trygge. Vaksine-nasjonalisme på dette tidspunktet vil ikkje løne seg, fordi det kjem nye variantar. Dersom andre land ikkje er immunisert, vil det berre slå tilbake på oss, seier ho ifølgje VG og legg til:

– Det er bevisstlaust at folk skal døy andre stadar, ventande i kø, når vi har teknologien.

10 land med brorparten av vaksinane

Koronavaksinane er ekstremt skeivfordelt i verda. Ifølgje Bistandsnytt er 174 millionar menneske på verdsbasis vaksinerte. Nesten ingen av desse er på det afrikanske kontinentet, der det bur 1,3 milliardar menneske.

Ifølgje FNs generalsekretær António Guterres har 10 land stått for 75 prosent av vaksinedosane, medan 130 land ikkje har fått ein einaste vaksine.

FNs generalsekretær António Guterres. Foto: Cancillería Argentina

– I dette kritiske augeblikket er lik tilgang til vaksinar ein moralsk test for verdssamfunnet, sa generalsekretæren i eit møte i FNs tryggleiksråd førre veke, melder Bistandsnytt.

Vaksinevinnarane

Israel har vore tidleg ute med å vaksinere innbyggjarane sine, og nyleg meldte dei om at 45 prosent av befolkninga har fått minst éin dose av Pfizer-vaksina. Som følgje av dette har landet gjenopna fleire tenester, ifølgje Reuters.

Medan 35 prosent av israelarane er fullvaksinerte er under to prosent av nordmenn det, men framtidsutsiktene er lyse.

Om alt går etter planen reknar Folkehelseinstituttet med at alle vaksne kan vere fullvaksinert innan sommaren 2021. Gladnyheita kom etter ein ny avtale mellom EU og vaksineprodusentane Pfizer og BionTech, som sikra Noreg 2,4 millionar ekstra dosar.

Det er ikkje berre det at rike land er komne lenger i vaksineringa, men dei sikrar seg òg fleire dosar enn dei treng.

Medan verdas rike land satsar på full vaksinasjonsdekning fram mot sommaren, håpar direktøren for Africa Centres for Disease Control and Prevention (CDC), John Nkengasong, på 35 prosent dekning innan utgangen av 2021, ifølgje BBC.

Rike land sikrar seg vaksiner

Ifølgje BBC har EU bestilt 1,8 milliardar vaksinedosar, noko som er nok til å vaksinera innbyggjarane 2,7 gonger.

Canada har bestilt nok vaksinar til å vaksinera innbyggjarane fem gonger, medan Storbritannia kan vaksinera sine 3,6 gonger.

Til samanlikning har Brasil berre bestilt nok dosar til litt over halvparten av befolkninga, Den Afrikanske Union har bestilt nok til 38 prosent av innbyggjarane, medan India og Saudi-Arabia berre har bestilt nok til 4 prosent av befolkninga.

Verdas helseorganisasjon (WHO) sitt vaksineprogram Covax skal senda 90 millionar dosar til Afrika, noko som dekkjer tre prosent av befolkninga innan sommaren. Innan utgangen av 2021 tek vaksineprogrammet deira sikte på å ha dekt 20 prosent av innbyggjarane på kontinentet.

Berre åtte afrikanske land er i gang med vaksinering av befolkninga, ifølgje BBC. Landa som er i gang er desse:

  • Marokko (AstraZeneca og Sinopharm)
  • Algerie (Sputnik V)
  • Egypt (Sinopharm)
  • Sør-Afrika (Johnson & Johnson)
  • Seychellene (Sinopharm og AstraZeneca)
  • Rwanda (Pfizer og Moderna)
  • Mauritius (AstraZeneca)
  • Zimbabwe (Sinopharm)

Doktor Matshidiso Moeti er Foto: WHO

I tillegg har Guinea vaksinert nokre få innbyggjarar med den russiske vaksina Sputnik V, medan Ekvitorial-Guinea og Senegal har motteke Sinopharm-vaksiner.

Frankrikes president Emmanuel Macron seier til Financial Times at Europa bør senda 4-5 prosent av vaksinene sine til fattige land. Han fryktar ein vaksinekrig om påverknad, der Kina og Russland leiar veg.

– Det er djupt urettvist at dei mest sårbare afrikanarane er tvungne til å vente på vaksinar, medan lågrisikogrupper i rike land vert trygga, seier WHO sin regionaldirektør for Afrika, Matshidiso Moeti.

Fryktar for framtida

Marta Mahumane (25) studerer biologi i Maputo, hovudstaden i Mosambik. Foto: Privat

25 år gamle Marta Mahumane er ikkje uroa for å få korona sjølv, men uroar seg meir for framtida til dei unge i landet. Ho fortel om ein tøff arbeidsmarknad for unge, der ein er avhengig av kjennskap op vennskap for å få jobb.

– Det eg håpar på er at me alle skal vera trygge. No er me heime og det er ikkje bra for oss, men når me får vaksina vil me alle vera trygge, seier Mahumane.

Ho er særleg uroa for unge menn, som ikkje får moglegheita til å skapa seg eit godt liv.

– Mesteparten av ungdommen er involvert i ting som ikkje er bra for dei, som narkotika. Unge menn ligg i senga på morningane, fordi dei ikkje har noko å gjere, difor vert dei involvert i narkotika og alkohol, som ikkje er bra for dei. Dei må få noko å gjera, seier 25-åringen.


25 år gamle Marta Mahumane frå Mosambik er uroa for alle dei internt fordrivne i heimlandet, som følgje av konfliktane i den nordlege provinsen Cabo Delgado. Biletet er frå delstatshovudstaden Pemba, der 18.000 menneske har søkt tilflukt. Foto: Leger uten grenser, privat