Livreddane dronar skal levere hiv-medisinar til avsidesliggande øyar i Uganda

Kristiane Nerdrum Bøgwald
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å sikre at menneske som bur i avsidesliggande samfunn har rettferdig tilgang til moderne behandlingar for HIV er ein av dei viktigaste utfordringane innan global helse i Uganda.

Det seier Andrew Kambugu, administrerande direktør ved Makere University Infectious Disease Institute (IDI), til The Guardian, som først omtalte saka.

I førre veke blei ein drone som var lasta med hiv-medisinar sendt frå helsesenteret Bufumira III i Uganda til menneske som bur i nokon av dei mest fjerntliggande øyane i Victoriasjøen, melder den britiske avisa.

Pilotprosjekt

Droneforsøket var første ledd i eit medisinsk pilotprosjekt: I tida framover skal det bli sendt ut 20 dronar i månaden med HIV-medisinar til 78 lokalsamfunn som held til på dei vidt spreidde Ssese-øyane.

Kalangala-distriktet, som Uganda deler med Tanzania og Kenya, er heimen til meir enn 67.000 menneske, og har ein hiv-utbreiing på 18 %. Det er langt høgare enn den nasjonale delen på 5,6 %.

Ifølgje The Guardian er levering av antiretrovirale legemiddel (ARV) og helsetenester  vanskeleg, vêravhengig og risikabelt for helsepersonell sidan det berre er mogleg å reise til område med båt.

Enormt potensial

Fleire av kjeldane til The Guardian uttrykkjer eit håp om at dronane også kan brukast til andre medisinske føremål og bli sendt til andre område i framtida.

Avisa skriv at også andre afrikanske land som Rwanda og Ghana, bruker dronar for å levere blod og medisinsk utstyr til fjerntliggande område.

Framtida Junior har tidlegare skrive om korleis dronar vart nytta til å levere vaksinar til Ghana, og allereie i 2019 vart dronar nytta for å levere livsviktige helsemiddal til øystaten Vanuatu:

– Dagens leveranse er den første av sin type, og har enormt potensial for ikkje berre Vanuatu, men også for tusener av uvaksinerte barn i heile verda, sa UNICEF-direktør Henrietta H. Fore då.

Utilstrekkeleg finansiering

Uganda Medical Association stiller seg positive til prosjektet, men uttrykkjer òg bekymring over medisinmangel på grunn av utilstrekkeleg finansiering.

– Vi ynskjer det velkome. Det er veldig viktig, og det kan gjere ein forskjell. Det ville vere fint å sjå om det verkeleg fungerer med det dårlege nettverket vi har og med sambandet vårt, seier generalsekretær Mukuzi Muhereza til The Guardian.

Muhereza seier at manglande finansiering til medisinkjøp er ein av dei største utfordingane for droneprosjektet, og at den største endringa hadde vore å forbetre budsjettet.