NTNU vil bidra til å sikra billegare medisinar og teknologi til fattige land

1 av 3 i verda manglar tilgang til livsviktige medisinar. No innfører NTNU nye retningslinjer som skal sikra meir rettferdig tilgang til medisinar og annan teknologi.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NTNU har innført etiske retningslinjer for å auka tilgangen globalt til teknologi, idear og resultat som er utvikla med bidrag frå universitetet.

Pål Romundstad, prodekan for forsking ved Fakultet for medisin og helsevitskap er svært glad for dei nye retningslinjene – sjølv om han vedgår at prosessen har tatt tid.

– Derfor er me ekstra glad for at me er komne eit steg vidare når det gjeld NTNUs bidrag til ein meir rettferdig tilgang til legemiddel og helseteknologi globalt, seier han i ei pressemelding.

Hedda Savosnick har vore med på å utarbeida dei etiske retningslinjene.

Får ros

– Tilgang på medisinar er eit problem som dessverre har eksistert lenge før korona. Ein tredel av befolkninga i verda manglar tilgang til livsviktige medisinar, anten fordi dei er for dyre eller fordi dei ikkje finst, seier Hedda Savosnick, studentrepresentant i arbeidsgruppa som har utarbeidd dei etiske retningslinjene.

Ho meiner dei nye retningslinjene viser at NTNU tar ansvar.

– Dersom forsking i Noreg hadde vore bidragande til koronavaksinen, hadde me då lagt til rette for at fattige land kunne kjøpt han? Eg trur desse retningslinjene er med på å ta oss i rett retning, understrekar Hedda Savosnick i pressemeldinga.

Etterlyser nasjonal retningslinjer

Universiteta i Tromsø, Bergen og Oslo har allereie innført etisk lisensiering av helseteknologi, men NTNU har gått endå lenger enn dei andre universiteta og laga retningslinjer som er meir forpliktande med ein meir presis ordlyd, ifølgje Per Kristian Næs.

Han er nasjonal koordinator i UAEM Norge. Det er ein internasjonal studentorganisasjon som jobbar for å fremja tilgang til medisinar og medisinsk teknologi.

UAEM Noreg oppmodar no politikarar og universitet til å einast om nasjonale retningslinjer for lisensiering av medisinsk teknologi som er utvikla med bidrag frå offentleg finansiering.

– Med nasjonale retningslinjer kan me i større grad sørga for at forskinga kjem flest mogleg til gode, seier Per Kristian Næs på telefon til Framtida.no.

Han ser også for seg at dei nye retningslinjene kan bidra til overføring av annan teknologi til fattige land, som til dømes teknologi for vassforsyning og rein energi.

– Det er så bra! seier Changemaker-leiar Embla Regine Mathisen om at NTNU innfører nye retningslinjer for etisk lisensiering. Foto: Framtida

Ønskjer utval for etisk lisensiering

Changemaker har lenge jobba for nasjonale retningslinjer for etisk lisensiering.

– Teknologi og medisinar kan gjera verda betre, men dei kan òg misbrukast om ein sel det til feil folk. Med tydelege og samstemte reglar for kvar grensa går så kan me sikra at statleg forsking berre blir brukt til å gjera verda betre! seier Embla Regine Mathisen, leiar i Changemaker til Framtida.no.

– Å ha felles reglar gjer at universiteta her i landet har same grenser. Det er viktig! understrekar ho, og seier at regjeringa bør setja ned eit utval som kan sjå nærare på korleis det kan gjennomførast.

LES OGSÅ: Verda går ikkje til helvete – her får du seks gode nyheiter

Bilete av Selma Bratberg i midten: Privat. Foto: Gage Skidmore/FLickr/CC BY SA 2.0 , ukanda / CC BY 2.0 , Rparte / CC BY-SA 2.0, Colourbox