Ap og Sp samde om å droppe firarkravet i matte i lærarutdanninga
Ap og Sp har vorte samde om å droppe kravet om at studentar må ha minst karakteren fire i matematikk for å komme inn på lærarutdanninga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ap og Sp har vorte samde om å droppe kravet om at studentar må ha minst karakteren fire i matematikk for å komme inn på lærarutdanninga.
– I dag manglar éin av fem som underviser i norsk skule, lærarutdanning, og lærarmangelen aukar. Derfor er det for ei ny regjering veldig viktig å snu denne utviklinga, så alle elevar møte kvalifiserte lærarar som har tid til dei, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NRK.
Under regjeringsforhandlingane på Hurdalsjøen Hotell har Ap og Sp vorte samde om nokre hovudpunkt i ein ny skulepolitikk.
Vil gjere om avskiltinga
Punkta på skulepolitikken som no kjem inn i ei ny regjeringsplattform er dei desse:
- Gjere om den såkalla avskiltinga av lærarar utdanna før 2014. Utover dette består kompetansekrava.
- Rekruttere tilbake lærarar som har forlate yrket, ved å utvikle eit eige program for dette.
- Ny nasjonal rekrutteringskampanje til lærarutdanninga, særleg retta mot menn.
- Erstatte inntakskravet på fire i matematikk med meir treffsikre opptakskrav til lærarutdanninga.
Også SV, som forlét sonderingane på Hurdalsjøen Hotell, har vore samd med Ap og Sp om å fjerne firarkravet. Dermed kan dei to partia som truleg dannar regjering, søkje fleirtal i Stortinget hos SV.
Melby: – Senkar ambisjonane
Kunnskapsminister og Venstre-leiar Guri Melby reagerer på at Ap og Sp vil droppe firarkravet.
– Å redusere kompetansekrava for lærarar vil bidra til å redusere satsinga på systematisk vidareutdanning og kompetanseutvikling, seier ho.
Mathilde Tybring-Gjedde i Høgre meiner at Ap og Sp senkar ambisjonane for læraryrket.
– Etter at vi innførte firarkravet i den enklaste matematikken, er det langt fleire studentar som fullfører lærarutdanninga, og færre som stryk på matematikkeksamen. Det er faktisk det viktigaste for elevane. Det blir ikkje betre undervisning av å senke krava og ambisjonane for kompetansen til lærarane. Det er ein gammaldags quick fix, seier stortingsrepresentanten.
- Les også: Yrket mitt: Fredrik (34) er lærar