Susanne reddar mat på TikTok: – Å vera matreddar er veldig lett!
Matsvinn står for opptil ti prosent av klimautsleppa i verda. Susanne Nordvang Nesse (29) vil få fleire til å eta opp maten. – Målet er å inspirera så mange som mogleg til å bli matreddarar, seier ho.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvar nordmann kastar 42,6 kg mat i året, og talet har vore nesten stabilt dei siste åra.
Susanne Nordvang Nesse jobbar for å få fleire til å eta opp maten gjennom folkerørsla Spis opp maten.
– TikTok gir meg høve til å spreie matreddartips på ein litt meir lågterskel og leiken måte enn andre digitale plattformar. Det trur eg kan bidra til å skapa nysgjerrigheit òg blant den litt yngre garde. Ikkje minst er TikTok ein plattform som når mange!
– Kva reaksjonar får du frå sjåarane på TikTok?
– Reaksjonane er ulike. Nokon synes at det eg deler er spennande, lærerikt og inspirerende, mens andre er litt meir skeptiske. Men litt skepsis trur eg berre er bra – då har eg sannsynlegvis opna nokon nye tankar og dører hos vedkommande!
Blei handplukka
For Susanne Nordvang Nesse starta det då ho skreiv masteroppgåve om matsvinn. Den tok ho på Høgskulen på Vestlandet etter å ha tatt bachelorgrad i ernæring, mat og kultur i Kristiansand.
– Her danna eg meg eit grunnlag. Det var ei blanding av at eg viste denne typen interesser på min personlege Instagram og litt kjennskap som gjorde at eg blei eg kontakta av gründeren bak folkerørsla «Spis opp maten». Mette Nygård Havre lurte på om eg ville samarbeida med ho om å engasjera folket til å kasta mindre mat, fortel Susanne Nordvang Nesse til Sunnhordland.no.
Spis opp maten no har nesten 93.000 følgjarar på Instagram og 3000 følgjarar på TikTok.
@spisoppmaten Slapp salat? Da er et tips å gjøre dette ?? #foryou #fyp #foryoupage #tiktok #food #foodislove #tips #you #eat #hack #foodie #mat #4u ♬ Food – Densky9
– Veldig lett å redda mat
Matreddaren seier til Framtida.no at det er veldig lett å vera matreddar.
– Det handlar om å legga litt sport i det, ha det gøy og tenka enkelt, seier ho.
Ho tilrår å finna eit par ting du ønsker å bli betre på og begynn der.
– Kanskje kan du starta med å skapa oversikt i kjøleskapet, slik at du unngår å stadig oppleve å finna mat som må kastast? Kanskje kan du starta å ta med deg rester fra middagen til lunsj dagen etter? Kanskje kan du bli flinkare til å sjå, lukte og smake, i staden for å kaste mat berre grunna at datoen er passert?
Det handlar om å bli litt meir bevisst på eigne vanar. Til dømes kan du øva på å forsyna deg med passe mengder og heller forsyna deg fleire gongar.
– Det treng ikkje vera anten eller. All matredding du får til betyr noko! Etter kvart som du ser kor enkelt og gøy matredding er, jo meir matredding kjem det til å bli!
@spisoppmaten Brune bananer? Da må dere prøve dette?? #foryoupage #foryou #fyp #tiktok #food #foodislove #tips #you #eat #nam #leftovers #4u #banan #banana #kos ♬ Banana (feat. Shaggy) – Conkarah
- Treng du fleire matreddar-tips? Her får du Susanne sine beste råd!
Les også Spire-leiaren om FN-toppmøtet om matsystem: – Menneskerettar må vike for storselskapa sine interesser
Fire gode grunnar til å redda mat
- Opptil ti prosent av klimautsleppa i verda kjem frå mat som blir kasta.
- Kvar dag blir det kasta nok mat til å metta 850.000 menneske i Noreg.
- Klimautsleppa tilsvarar 460.000 fossilbilar
- Du sparar pengar sjølv på å ikkje kasta mat.