Hadde matsvinn vore eit land, ville det vore verdas tredje største kjelde til klimagassutslepp, ifølgje ein ny rapport.
mm

17 prosent av all mat i verda blir kasta. Mengda svarer til 23 millionar fullasta 40 tonns lastebilar, som er nok til å lage ei kolonne som strekk seg rundt jorda sju gonger, opplyser FNs miljøprogram i ei pressemelding.

Totalt blir 931 millionar tonn mat kasta kvart år.

Samstundes er det 690 millionar menneske i verda som enno må gå til sengs svoltne, ifølgje Verdas matvareprogram.

Mesteparten av matsvinnet skjer i hushalda, ifølgje FNs miljøprogram UNEP i rapporten Food Waste Index Report 2021. Ifølgje rapporten er matsvinn er eit problem i dei fleste land og heile 8-10 prosent av dei globale klimagassutsleppa kjem frå mat som ikkje blir ete.

I snitt kastar kvar person 74 kg matavfall per år, skriv The Guardian.


LES OGSÅ: Slik skal Kristiansand bli best på matsvinn

Saman med kokk Trond Moi har kommunen laga filmar med råd om korleis ein kan kasta mindre mat. Foto: Kristiansand kommune

LES OGSÅ

ANNONSE