– Miljø og klima er viktig, men ikkje den einaste saka som er viktig

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førstegongsveljarane på Fitjar vidaregåande skule er nøgde med at det ser ut til å bli ei ny regjering i Noreg.

– Eg håpar SV blir med i ei ny regjering, seier Iver Emil Simonsen. 18-åringen frå Stord hadde visst lenge kva han vil stemma, men han tok nokre valomatar for å vera heilt sikker.

Nathalie Tislevoll frå Fitjar synest det var rart å stemma.

– Eg har ikkje gjort det før. Eg har tenkt litt på kva det skulle bli, og tok fleire valomatar. Det var ikkje alle sakene der eg forstod. Eg måtte til slutt finna mi eiga meining, seier ho.

Begge stemte på SV.

Miljø og rettferd

Etter at FN la fram sin siste klimarapport, som varsla kode raud for menneskeslekta, gjekk Miljøpartiet Dei Grøne fram på meiningsmålingane. Partiet var oppe i 6,7 prosent på partibarometeret Norstat gjennomførte for NRK og Aftenposten ei knapp veke seinare. Mange snakka om at det kom til å bli eit klima- og miljøval. Men MDG enda likevel under sperregrensa.

Til Framtida.no tysdag fortalde Grøn Ungdom-talsperson Teodor Bruu at han var overraska over at det ikkje gjekk betre, men at han likevel var stolt over resultatet.

– Vår politikk har vore veldig tydeleg og synleg gjennom valkampen, og vi har allereie klart å flytta til dømes oljepolitikken utan å nå «sperra» sjølv, sa Bruu og påpeika at MDG kjem til å seia frå om alt som ikkje er god klimapolitikk frå den nye regjeringa.

Miljø og klima er ei viktig sak for Nathalie Tislevoll og Iver Emil Simonsen.

– Men det er ikkje den einaste saka som er viktig. For meg blei det ikkje aktuelt å stemma på MDG fordi dei berre fokuserte på miljø og klima. Eg er opptatt av fleire saker enn berre det, seier Iver Emil Simonsen.

Rettferd og fattidom

Begge 18-åringane seier dei er opptatt av rettferd og fattigdom.

– Eg har sett at det er fleire folk på ei Facebook-gruppe på Stord som spør anonymt etter kle og andre ting dei ikkje har råd til, seier Nathalie Tislevoll.

Ifølgje siste Levekårsanalysen har éin av fem det så trangt økonomisk at dei ikkje kan klara ei uføresett utgift på 18 000 kroner. Av dei arbeidsledige seier 59 prosent at dei ikkje maktar ei slik utgift, medan det er heile 84 prosent av sosialhjelpsmottakarane som svarar det same.

Både Iver Emil Simonsen og Nathalie Tislevoll håpar på meir hjelp til dei som ikkje har ein jobb og er fattige i Noreg.


Cinta Hondsmerk (20) og Andrine Grytvik Borbe (16) er begge med i Extinction Rebellion Ung, og har til felles at dei ikkje har røysterett. Dei meiner likevel klimasaka er for viktig til å stå på sidelina. Foto: Eirik Tangeraas Lygre