KrFU og Grøn Ungdom om sperregrensedramaet: – Var litt for spanande

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var jo veldig spanande, og vi sat sjølvsagt og håpa at vi skulle kome over sperregrensa.

Framtida.no slår på tråden til talsperson i Grøn Ungdom Teodor Bruu dagen etter det som blei ei svært spanande valnatt for miljøpartiet. Dei hadde håpa på at moderpartiet MDG skulle gjere eit brakval, men opptellinga av stemmer blei nervepirrande.

MDG svinga over og under sperregrensa før dei til slutt enda på 3,8 prosent oppslutning.

Bruu er likevel nøgd med at MDG har prega valkampen.

– Vår politikk har vore veldig tydeleg og synleg gjennom valkampen, og vi har allereie klart å flytte til dømes oljepolitikken utan å nå «sperra» sjølv.

– Mange kjempar for at vi ikkje skal få makt

Etter at FN la fram sin siste klimarapport, som varsla kode raud for menneska, fossa MDG fram på meiningsmålingane. Miljøpartiet var mellom anna oppe i 6,7 prosent på partibarometeret Norstat gjennomførte for NRK og Aftenposten ei knapp veke seinare. I fylkestingvalet i 2019 fekk MDG òg 7,6 prosent av stemmene.

– Er du overraska over at det ikkje gjekk betre? 

– Ja, og det viser at når alt klaffar så kan vi gjere det enda betre enn det her. Men det er klart vi har veldig mykje mot oss, fortel Bruu.

Han peikar på at MDG ikkje har like mykje pengar og folk å rutte med som dei andre partia, eller store, tunge selskap og fagforeiningar i ryggen.

– Det er mange som kjempar hardt for at vi ikkje skal få makt i norsk politikk. Så trass alt er eg veldig stolt over resultatet.

Den magiske grensa

Å kome over sperregrensa er viktig for partia, for då kan dei få såkalla utjamningsmandat. I tillegg til at dei ulike valkrinsane har eit visst tal mandat kvar, er det 19 utjamningsmandat som blir fordelte mellom partia som er over sperregrensa på 4 prosent.

MDG var berre 5000 stemmer unna å bikke grensa.

Teodor Bruu er talsperson for Grøn Ungdom. Foto: Grøn Ungdom/Flickr

– Det som er viktig for oss er kva vi får til i politikken og at vi påverkar klimapoltikken. Det blir jo gjort enda betre om vi blir så store som mogleg og får direkte regjeringsmakt, men vi får også ganske mykje gjennomslag på den måten vi har fått til hittil gjennom å påverke dei andre partia, seier Bruu i Grøn Ungdom.

Trass i at MDG ikkje kom over den magiske grensa, gjorde partiet sitt beste stortingsval nokosinne, og gjekk frå éin stortingsrepresentant til å bli tre.

– Eg trur at når vi sit med dei tre mandata våre og kjem til å bjeffe på alt som ikkje er god klimapolitikk, så blir det vanskeleg for den regjeringa som trår til og som prøvar å ha truverde på klima å ikkje levere, legg han til.

I tillegg til partileiar Une Bastholm, som har vore MDG sin einaste stortingsrepresentant, ser Lan Marie Berg og Rasmus Hansson ut til å få plass på Stortinget.

KrFU: – Ikkje kjempegøy

Også for Kristeleg folkeparti blei det dramatikk rundt sperregrensa i går kveld.

– Det var jo litt for spanande, det var det. Så sokk det inn etter kvart, og det var ikkje kjempegøy. Samstundes var det veldig godt å få lov til å vere samla igjen som organisasjon, seier Edel-Marie Haukland, leiar i KrFU på telefon til Framtida.no.

For første gong sidan andre verdskrig er partiet ifølgje NRK under sperregrensa, og ligg no med 3,8 prosent oppslutning. KrF mistar etter årets stortingsval fem representantar på Stortinget, og går frå å ha åtte til tre representantar inne. Og marginane var små – berre rundt 6000 stemmer mangla for å kome over den magiske grensa.

Samstundes som KrFU-leiaren synest det er trist, er ho imponert over mobiliseringa inn mot valkampen.

No må KrF sørge for at folk held motet oppe, vere stolte over det dei har fått til i regjering, byggje organisasjonen vidare og reindyrke partiprofilen, meiner ho.

– Eg tenker at det kjem til å bli tydeleg framover kva slags plass KrF har hatt på Stortinget, med alle dei sakene som KrF kjempar for, som tillit til familiane, klima og miljø, trusfridom, og verdas fattige, seier ho, og understrekar at partiet både skal vere konstruktive og på vakt i opposisjon.

KrFU-leiar Edel-Marie Haukland under Kristeleg Folkeparti si valvake på Vulkan Arena under stortingsvalet 2021.
Foto: Naina Helén Jåma / NTB

– Her har vi mykje arbeid framfor oss, sånn er det å vere idealist! Ein er aldri ferdig på jobb, ler Haukland.

Kjell Ingolf Ropstad, Olaug Bollestad og Dag Inge Ulstein ligg an til å representere KrF på Stortinget.

Trong eit mirakel

Også Venstre låg først på bikken rundt sperregrensa, men stabiliserte seg raskt, og enda på 4,5 prosent. Raudt, som tidlegare år har lege under sperregrensa, gjekk fram til 4,7 prosent.

For Høgre var ikkje sperregrensa på noko tidspunkt nokon trugsel, men valet vart likevel eit nederlag. Etter åtte år i regjering måtte statsminister Erna Solberg erkjenne at det gjekk mot regjeringsskifte.

– Eg skulle gjerne sett eit Høgre som hadde fått eit betre resultat. Vi trong eit mirakel for at vi skulle få styre Noreg i fire år til, sa Solberg i går frå talarstolen, og gratulerte Jonas Gahr Støre (Ap) som ny statsminister.

Statsminister Erna Solberg talar under Høgre si valvake på Radisson Blu Scandinavia Hotel under stortingsvalet 2021.
Foto: Heiko Junge / NTB

Høgre ligg på 20,4 prosent av stemmene i årets stortingsval. Det er ein nedgang på 4,6 sidan 2017-valet. Høgre er med det partiet med størst tilbakegang samanlinka med førre val, men er framleis nest størst i landet.

Høgre ligg an til å få 36 stortingsrepresentantar, ni færre enn dei har hatt i siste periode.


Åse Kristin Ask Bakke (25) er den yngste representanten på Stortinget etter valet.