6 gode grunnar til å bli helsefagarbeidar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å vera helsefagarbeidar er kjekkare enn eg hadde håpt, seier Oline Nordhus. Ho får støtte frå Bolette Grov.

18-åringane byrja i haust som lærlingar i Stord kommune. Oline Nordhus jobbar på døgnavdelinga på legevakten ved Stord sjukehus og Bolette Grov jobbar i eininga for habilitering for folk med utviklingshemming.

Rekordmange lærlingar

Stord kommune tok inn 25 lærlingar i haust, noko som er ny rekord.

Lærlingane skryt over oppfølginga frå kommunen.

– Me blei godt informert på førehand, seier Oline Nordhus.

– Viss me lurer på noko, er det berre til å ringa kva tid som helst, seier Bolette Grov.

Også i heile landet er det rekordmange lærlingar. I 2017 var det 76,9 prosent av søkarane med ungdomsrett som fekk godkjent lærekontrakt innan helse- og oppvekstfag.

Totalt blei det gjeve 3846 lærekontraktar i helse- og oppvekstfag i 2017, ein auke på 339 sidan året før.

LES OGSÅ: Fleire elevar søker helsefag

Mogleg å gå vidare på sjukepleie

Oline Nordhus vurderer om ho skal ta sjukepleie etter ho har tatt fagbrevet, eller om blir verande fagarbeidar.

Fleire sjukepleieutdanningar har opna for å ta inn studentar med fagbrev i helsefag, så lenge ein har karakteren tre i matte frå VG1.

– Det er gull verdt å ha praksisen som fagarbeidar. Det hjelper deg på mange måtar når ein vil gå vidare på høgskule, seier Siv Nesse, lærlingkoordinator i Stord kommune.

LES OGSÅ: Ap vil gi gutar ekstrapoeng i helsefag

Sunniva Risnes går på helsefag for å sikra framtida si.

Vil velja trygt

Sunniva Risnes går andreåret på helsefag på Fitjar vidaregåande.

– Ein må tenkja på kvar ein får jobb, og korleis ein kan sikra framtida si. Det er difor eg tar helsefag, seier ho, og legg til at ho likar å jobba med menneske.

På sikt håpar ho å ta sjukepleieutdanning.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå vil det vera behov for kring 58000 fleire helsefagarbeidarar og 28000 fleire sjukepleiarar innan 2035.

LES OGSÅ: Marita (17) vil bli verdsmeister i helsefag

 

 

 

 

 

 

Her er Bolette og Oline sine gode grunnar til å bli helsefagarbeidar

  1. Du får hjelpa menneske som treng hjelp.
  2. Du blir kjent med mange forskjellige folk.
  3. Du slepp å gå så lenge på skule, men tener eigne pengar i læretida.
  4. Du får høve til å jobba på mange forskjellige plassar.
  5. Det er stort behov for fleire helsefagarbeidarar.
  6. Du lærer mykje.