Penelope Lea (17): – 16-åringar bør få stemmerett

Janne Nerheim
Publisert
Oppdatert 05.09.2021 21:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka stod først publisert hjå Framtida Junior! Der kan du òg lese kvifor elefantar på Sri Lanka har fått eige id-kort

I år synest Penelope Lea det er ekstra frustrerande å ikkje kunne stemma ved stortingsvalet.

– Det som skjer no påverkar mitt og andre unge sitt liv, og vi står i ei svært avgjerande tid. Det hastar! Då er det ekstra frustrerande å ikkje kunne stemma ved valet. Men eg får på eit vis stemma likevel, fortel 17-åringen og utdjupar:

– Boka eg har skrive er mi stemme. Det er det vi fokuserer på og snakkar om som betyr noko. Boka er mitt forsøk på å delta i den viktige debatten, seier Lea, som vart den nest yngste ambassadøren for UNICEF i ein alder av 15.

Har vore utolmodig lenge

– Eg har vore utolmodig sidan eg var 8 år. Heilt sidan eg forstod at vi har visst om klimakrisa, men ikkje handla. Og at vi framleis veit, men ikkje handlar. Det er nok den kjensla av å vera utolmodig som gjer at eg held fram med å arbeida så aktivt for klimaet, fortel ho.

Penelope Lea har skrive boka «I hverandres verden. 11 samtaler om klima, natur, aktivisme, politikk og menneskerettigheter» medan ho ventar på å stemme. Omslag: Cappelen Damm

No har ho skrive boka «I hverandres verden» medan ho ventar på å stemma.

– Det har eg gjort fordi eg vil tilføra det globale perspektivet i klimadebatten. Det betyr at eg vil at vi skal tenkja på heile verda som eit felleskap i klimakrisa.

Ho starta å skriva boka åleine, men såg at ho ikkje ville rekka det før valet.

– Då spurde eg mamma om hjelp, og ho sa ja. Mamma og eg er veldig nære. Ho har jo vore med meg på alle reisene mine og alt eg har gjort sidan eg var 8 år, fortel ho.

Hjelper på redselen

I boka skriv Penelope Lea om samtalar ho har hatt med viktige stemmer i samfunnet. Om klima, menneskerettar, natur, politikk og aktivisme. Ho har snakka med mellom anna Gro Harlem Brundtland, FNs klimasjef Christiana Figueres og den amerikanske klimaaktivisten Alexandria Villaseñor.

– Ei kjensle av solidaritet er den einaste måten vi kan klara dette på. Denne boka vil minna oss på at det er viktig å tenkja på alle menneske i verda i denne krisa.

Når Peneleope Lea kjenner redselen for kva klimakrisa kan gjere med planeten komme, les ho gjerne ein av tekstane i boka.

– For meg er det hjelp i å lesa om desse førebileta som har fått til store endringar på kort tid. Dei gongane eg vert redd eller trist, les eg om dei. Då held eg motet oppe.