Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

15 år gamal er Penelope Lea allereie ein kjend figur i den norske samtalen om klima og berekraftig utvikling. No er ho, som den fyrste klimaaktivist nokon sinne, vald ut til Unicef-ambassadør.

– Penelope Lea har ei fantastisk evne til å nå gjennom til både barn og vaksne. Ho er uredd, ambisiøs og ekstremt kunnskapsrik. Ho er ei inspirasjon for veldig mange, blant andre meg. Eg gler meg til samarbeidet og til kva vi kan få til saman, seier generalsekretær i Unicef Norge, Camilla Viken i ei pressemelding.

Eit smittande engasjement

Heilt sidan ho var åtte år gamal har Penelope Lea vore oppteken av klimaendringar.

11 år gamal vart ho vald inn i styret for Miljøagentene i Oslo. Sidan då har ho leia Barnas klimapanel og halde ei rekkje appellar, både under FNs klimaforhandlingar i Bonn, på Arendalsuka, på konferansar og på TV.

I 2018 delte ho sine beste tips for å engasjere seg med Framtida.no sine lesarar:

– Det er veldig viktig å vere engasjert, for brennande engasjement smittar! tipsa Penelope Lea.

Etter at den då 14 år gamle aktivisten vann Frivilligprisen åtvara journalist Beate Haugtrø om smittefaren ved å møta ho.

«Å snakke med Penelope på fjorten år, tente eit håp i meg. Eg kjente at ho smitta meg litt, med engasjementet og håpet sitt. Eg merka at det var heilt ekte,» skreiv Haugtrø i eit meiningsinnlegg 1. januar 2019.

Prispengane ho fekk donerte den unge prisvinnaren til det norske klimasøksmålet.

Penelope Lea og generalsekretær Camilla Viken. Foto: Unicef

I godt selskap

Det er ikkje ofte Unicef i Noreg vel nye, nasjonale ambassadørar. Det er heile 12 år sidan førre gong. Den gong var det alpinist Kjetil André Aamodt som fekk æra. Dei andre på lista over nasjonale representantar er: artist Sissel Kyrkjebø, fotballspelar/-trenar Ole Gunnar Solskjær og skodespelar Liv Ullmann.

Penelope Lea er den nest yngste, norske ambassadøren og den aller første klimaaktivisten i heile Unicef-systemet. I si nye rolle skal ho arbeidd for rettane til barn og ha fokus på klima.

– Klimaendringane rammar jo så urettferdig, og spesielt barn. Då er det viktig at vi står saman. Eg vil kjempa for at eg, venene mine, menneske og dei neste generasjonane skal få lov til å leva, seier Lea til NRK.

Les også: Saksøker staten for klimasvikt: – Me brukar alle moglege, fredelege verkemiddel for å oppnå endring

Penelope Lea på klimabrølet 30. august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall