Mora hennar var 18 år da ho vart vald inn på Sametinget. No følgjer Aina (21) i moras fotspor

Karine Jonsrud Pedersen
Publisert
Oppdatert 13.07.2021 14:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tenkjer ikkje så mykje på at eg er ung og engasjert, seier 21 år gamle Aina Madelén Nordsletta Aslaksen frå Karasjok på telefon til Framtida.no.

Mora hennar var vald inn på Sametinget frå før Aina vart fødd og til 2017. Ho forklarer at det derfor berre er naturleg at ho òg engasjerer seg.

– Eg har eigentleg berre vorte vand med at mamma har vore på Sametinget sidan eg var liten. Men det er sjølvsagt veldig artig og kult, seier Nordsletta Aslaksen.

Startar ungdomsparti

Aina Madelén Nordsletta Aslaksen representerer det samiske partiet, Nordkalottfolket, i Ávjovári valgkrins som er ein av til saman sju valkrinsar i Sametingsvalet. Ho jobbar også med å starte eit ungdomsparti for Nordkalottfolket saman med to andre.

Eg tenkjer ikkje så mykje på at eg er ung og engasjert.

Hjartesaken hennar er likeverd mellom samar, nordmenn og kvenar, og mellom samisktalande og norsktalande samar. Ho ønskjer ikkje at det skal vere noko skam knytte til å ikkje kunne samisk.

– Veldig store delar av den samiske befolkninga har blitt fornorska, og mange veit ikkje ein gong at dei er samar. Mange finn ut at dei er samar i vaksen alder, og har ikkje lært språket. Dei har likevel like mykje rett til å vere med å bestemme og komme med sine eiga opplevingar knyta til det å vere same, seier Nordsletta Aslaksen.

Aina Madelén Nordsletta Aslaksen (21) frå Karasjok representerer partiet Nordkalottfolket. Det siste året har ho jobba som butikkmedarbeidar og som samisk språkassistent i ein barnehage. Ho håper kome inn på studier i Oslo til hausten. Foto: Privat.

– Eg hadde ikkje snakka samisk så godt hvis eg ikkje hadde budd i Karasjok

Ei anna hjartesak er at det skal bli lettare å lære samisk uansett kor i landet ein bur.

– Eg har fått oppleve å både bu i eit samisk kjerneområde, men eg budde også i Lillestrøm frå er var sju år gamal til eg var 14, fortel Aslaksen.

Ho beskriv ein kvardag som vart endra stort, særleg med tanke på det samiske språket. Sjølv er ho vand med å snakke samisk heime og har det som morsmål.

Om ho ville ta samisk på skulen i Lillestrøm, måtte ho inn til Kampen i Oslo ein gong i veka. I Karasjok ville ho, derimot, hatt alle fag på samisk, bortsett frå norsk og engelsk

– Det var ganske dumt at det var slik i Oslo, og eg har sagt tidligare at eg ikkje hadde snakka samisk så godt hvis eg ikkje hadde budd i Karasjok nokre år, seier Aslaksen og forklarar at det var hovudårsaka til at ho valde å engasjere seg.

Kva er samtingsvalet og korleis fungerer valet?

Det er sametingsvalg kvart fjerde år, på same dag som stortingsvalet. For å kunne stemme i valet, og stille til val må ein vere registrert i valmantalet til Sametinget.

Samtinget.no forklarar kva som skal til for å bli med i valmantalet:

– Når du registrerer deg må du avgi erklæring om at du oppfattar deg sjølv som same og at du anten har samisk som heimespråk eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk eller at du er barn av ein person som står eller har stått i valmantalet, skriv Samtinget på nettsida si.

Dette er det noverande Sametingsrådet, som fungerer som Sametingets regjering. Frå venstre: Hans Ole Eira (Sp), Silje Karine Muotka (NSR), Aili Keskitalo (NSR), Henrik Olsen (NSR), Mikkel Eskil Mikkelsen (NSR). Foto: Christina Gjertsen via Sametinget på Flickr/CC BY 2.0

Ved sametingsvalet er landet delt inn i sju valkrinsar. Dei følgjer ikkje fylkesgrensene, men er ifølgje Store norske leksikon «basert på samiske kulturelle skiljelinjer, i tillegg til kommunegrensene og den geografiske fordelinga av valmantalsinnmelde».

Fleire av partia er dei same som sit på Stortinget. I dag er det 39 representantar på Sametinget og dei representerer følgjande parti: Norske Samars Riksforbund (NSR), Samefolkets parti, Senterpartiet (Sp), Flyttsamelista, Åarjel-Saemjiej Gïelh (ÅaSG), Arbeidarpartiet (Ap), Nordkalottfolket, Árja, Kautokeino fastboandes foreining, Høgre (H) og Framstegspartiet (Frp).

Den yngste kandidaten

Vikitgheita med å ta vare på samisk kultur og språk er Sander Eide Aase (18) frå Hardanger einig med Aslaksen i. Han er den yngste som står på val til Sametinget, og representerer Senterpartiet i Sør-Noreg valkrins.

– Uansett kor i landet ein bur er det viktig å ta vare på den samiske kulturen, seier Aase på telefon til Framtida.no.

Sander Eide Aase (18) er den yngste som stiller til val på Sametinget. Han representerer Senterpartiet og er i frå Hardanger. Han begynner i tredje klasse på vgs. til hausten, og seier det er vanskeleg å ta politisk engasjement ifrå han. Foto: Privat.

Sjølv har han ei oldemor med samiske anar, og seier at Sametinget og samisk kultur er ganske nytt for han, men han gleder seg til å lære meir.

– Eg håper eg kan representere dei som har ein tilknyting til den samiske kulturen, men som ikkje er så kjend med han enda, så kanskje dei vil lære meir og få ein større tilknyting til sin samiske identitet.

Han understrekar også at Sametinget som organ er veldig viktig, og at det er trist når ein ser at folk ikkje bryr seg og at enkelte politikarar ønskjer å leggje det ned.

Aase trur ikkje han står høgt nok opp på vallista til å kome inn på Sametinget, men seier det fort kan bli ein varaplass.

– Det er artig å vere den yngste kandidaten, og det hadde vore kjekt å få møte på Sametinget éin gong i alle fall, seier han optimistisk.

– Ungdomsrepresentasjonen har vore betre etter 2009

Så langt har det vore ein 18-åring som fast representant ved Sametinget. Ho heiter Marie Therese Nordsletta Aslaksen, er mora til Aina, og var 18 år i 1997.

Aina Madelén Nordsletta Aslaksen fortel at ho og syskena fikk vere med på plenumsmøte, og var så heldige at dei har vorte kjend med Samtinget og dei som sit der.

– Ho har gjort at det er litt mindre skummelt å stille til val som ung sjølv, og har på den måten bana veg for meg. 

Ifølgje forskar Jo Saglie ved Institutt for samfunnsforskning, er Marie T. N. Aslaksen den einaste representanten under 20 år som har vorte vald inn på Sametinget, frå tinget vart grunnlagt i 1989 og fram til førebels siste val i 2017.

Jo Saglie er forskar ved Institutt for samfunnsforskning. Han er statsvetar som forskar på lokaldemokrati, sametingsval og politiske parti. Foto: Institutt for samfunnsforskning.

Saglie forskar på lokaldemokrati, sametingsval og politiske parti. Han fortel at i valet i 2013 og 2017 vart det valt inn fem representantar under 30 år, av 39 totalt.

Det har også vore val der ingen under 30 år vart valt inn på Sametinget.

– Det ble ikkje valt inn nokon under 30 år i 1989 og 2001, seier han.

Saglie forklarer at ungdomsrepresentasjonen samla sett har vore betre etter den nye valordninga som vart innført i 2009, då talet valkrinsar vart redusert frå 13 til 7 og grenseinndelinga endra.

Saglie meiner den nye ordninga med sju valkrinsar gjer det lettare for unge å kome inn på Sametinget:

– Da er det lettare for parti å få fleire representantar frå éin valkrins, og det gjer det lettare å lage balanserte lister og at unge kjem inn.

Vart med i Unge Høgre som 14-åring

Ei anna, som har veldig lyst til å kome inn på Sametinget er Høgre-politikar Hege Christin Bjørkmann (23) frå Alta. Ho stilte også til val for fire år sidan, men denne gongen står ho heilt øvst på Høgre si liste i Nordre valkrins.

– Unge stemmer på Sametinget er kjempeviktig. Vi er framtida, seier ho på telefon til Framtida.no.

Hege Christin Bjørkmann (23) sit i kommunestyret i Alta for Høgre. Ho er lærarstudent og har også fagbrev i reiseliv. Foto: Privat

Ho forelska seg i skule- og helsepolitikken til Høgre da ho var 14 år. Da hadde ho ikkje tenkt på at ho ville inn på Sametinget, men det endra seg etter kvart som ho innsåg kor viktig organ det var for ho.

Blant hjartesakene hennar finn vi språkopplæring i samisk til fleire, gjerne med hjelp frå digitale bøker på samisk.

– Vi treng fleire bøker både for dei som har samisk som fyrstespråk og dei som skal lære frå botnen av. No finst det ikkje kjempemange, fortel ho.

Digital fastlege på samisk

Samisk psykisk helse er ei anna hjartesak, og Bjørkmann skryt av kompetansesenteret Sanks, som tilbyr behandling for barn, unge og vaksne innanfor psykisk helsevern og avhengighet, med spesiell satsing på samisk språk. Senteret er ein del av Finnmarkssykehuset. 

Bjørkmann vil gjerne utvikle tilbodet og understrekar kor viktig det er med helsepersonell som snakkar ditt eiga språk.

– Det er mange som er aleine med å snakke samisk på ein stad. Tenk om du kunne prate med fastlegen din på samisk, digitalt? På denne måten berikar vi helsetenesta.

Ho peikar på at slike idear er det unge som kjem med, og derfor treng ein ei alderspreiing på Sametinget.

– Det hadde vore kjempeartig om eg kom inn. Da kunne eg vist andre unge i valkrinsen at det er mulig, og andre unge i landet, seier ho.

Viss Bjørkmann kjem inn, er ho den første frå Høgre i sin valkrins som får bli ein del av Sametinget.

– Bruk stemmeretten!

Aina Madelén Nordsletta Aslaksen (21), Sander Eide Aase (18) og Hege Christin Bjørkmann (23) er einige om mykje, også at fleire må bruke stemmeretten.

– Det er like viktig å engasjere fyrstegangsveljarar som dei som har stemt fleire gongar. Det handlar om at ein må treffe på sakene ein frontar, å finne kva som engasjerer deira område. Ein må heller ikkje lyge og bite over for mykje, det fører berre til politikarforakt, seier Bjørkmann.

Mange parti fokuserer på barn og vaksne, og gløymer ungdomane litt.

Aina Madelén Nordsletta Aslaksen er også enig i at det er sakene som får ungdomar til vallokala.

– Det er viktig at ein treffer godt på ungdomspolitikken. Mange parti fokuserer på barn og vaksne, og gløymer ungdomane litt. Det viktig å vie plass til unge i partiprogramma også, seier Karasjok-kvinna.

Sander Eide Aase oppfordrar alle til å bruke stemmeretten, sjølv om ein stemmer blankt.

– Å bruke stemmeretten er alle sin måte å si si meining på. Viss du ikkje brukar den, kan du ikkje kome etterpå å klage. Ta deg ti minutt på valdagen og legg den stemmesetelen i valurna. Det er det viktigaste du kan gjere i år, avsluttar han.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Kven skal snakke for framtida?», i førekant av stortingsvalet. Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no.


Desse fem unge lovande bør du halde auge med i framtida. Foto: Ina-Theres Sparrok, Mariann Josefsen, Alice M. Jektevik, Piera Heaika Muotka, Privat. Kollasj: Framtida.no.