Fleirtal meiner politikarane må gjere meir for klima
Seks av ti svarar dei er svært eller ganske einige i at det hastar å få til ei grøn omstilling i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
63 prosent meiner politikarane må gjere meir for å stanse klimaendringane, medan 71 prosent meiner næringslivet må gjere meir for å stanse klimaendringane enn dei gjer i dag, skriv Verdsnaturfondet WWF i ei pressemelding.
– Folk flest er bekymra og krev klimahandling frå politikarane og næringslivet. For å få til ei grøn omstilling treng Noreg politikarar som tek ansvar for å skape nye grøne næringar, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF.
Ei jamt aukande CO2-avgift opp til 2.000 kroner i 2030 vil vere nødvendig for at Noreg skal nå målet om 50–55 prosent utsleppskutt, skriv WWF. I ein partitest har organisasjonen spurt partia om dei forpliktar seg til å innføre ei slik avgift. På raudgrøn side er Ap, SV, MDG og Raudt for, medan Sp er mot. På borgarleg side er Høgre, Venstre og KrF for, medan FRP er mot.