Ny opplæringslov skal styrkje rettane til elevane

Meir elevdemokrati, rett til å fullføre vidaregåande skule og rådgiving i læretida for lærlingar er nokre av elementa i ny opplæringslov.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er 23 år sidan førre opplæringslov, og det har vore mange reformer og lovendringar som har stykka opp lova. Torsdag legg regjeringa fram ei ny og oppdatert lov.

Endringane vil gripe inn i kvardagen til over 850.000 elevar og 45.000 lærlingar, ifølgje kunnskapsminister Guri Melby (V).

– I forslaget vårt blir mykje vidareført, noko blir teke ut, og viktige nyvinningar kjem til. Med eit klarare språk og meir oversiktleg inndeling vil lova vere enklare å finne fram i og forstå, seier Melby.

Elevdemokrati

Dette er nokre av endringane i lova:

  • Regjeringa vil ta sentrale elevrettar inn i opplæringslova.
  • Det skal takast grunnleggjande omsyn til kva som er best for elevane. Elevar skal bli høyrt i alle saker som gjeld dei.
  • Elevane skal sjølv kunne bestemme korleis dei vil organisere elevdemokrati. Digital stemmegiving er ei moglegheit som blir nemnd.

– Hittil har lova berre peika på elevråd, men vi veit at mange elevar har ønskt å organisere elevdemokratiet på andre måtar for at fleire stemmer skal bli høyrt, seier Melby.

Grep mot fråfall

Ved å innføre fullføringsrett på vidaregåande håpar regjeringa å bidra til at fråfallet blir mindre. Elevane skal få opplæring til dei har fullført og bestått, og det vil ikkje vere avgrensa til tre år, slik det er i dag.

Det blir òg foreslått å oppheve tidsavgrensing i retten til påbygging og omval. I dag kan elevar berre ta påbygg i eitt år, og dei kan berre velje på nytt éin gong.

– Etter mange tiltak sidan 2013 ser vi ei positiv utvikling, og stadig fleire fullfører. Men vi har framleis ein veg å gå. Med fullføringsretten får fylkeskommunar og skular eit større ansvar for elevane og for å lage betre tilpassa opplæringsløp heilt frå start, seier Melby.

I tillegg vil regjeringa lovfeste rett til rådgiving for lærlingar på same måte som elevar i skulen har. Lovforslaget omfattar òg rettar for nynorsk- og samiskspråklege elevar.


Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen Edvard Botterli Udnæs. Foto: Elev.no