Elevorganisasjonen fryktar eitt 11. skuleår kan følast som eit venterom

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Andre nestleiar i KrFU, Eline Kunzendorf, meiner eit frivillig skuleår mellom ungdomsskulen og vidaregåande kan tetta kunnskapshol og bidra til modning. Foto: Privat

– Eit ekstra skuleår kan gje tid til modning og vekst, meiner Eline Kunzendorf, som er andre nestleiar i KrFU.

Ho gler seg over at KrF på landsmøtet denne helga skal diskutere eit 11. skuleår mellom ungdomsskulen og vidaregåande opplæring.

Vil tetta kunnskapshol

Tal frå i fjor viser at 78 prosent av norske elevar fullførte vidaregåande opplæring i løpet av 5-6 år.

Kunzendorf viser til fråfallstala og meiner det er på tide å prøva noko nytt. Ho viser til Stoltenberg-utvalet, som har føreslått eitt frivillig tilbod om eit ekstra skuleår ved viktige overgangar i utdanningssystemet.

– Når ein først har fått kunnskapshol er det vanskeleg å hente seg inn att. I dag er skulen rigga for dei skulesterke og om ein har kunnskapshol inn i vidaregåande gjev det ikkje ekstra motivasjon, seier KrFU-politikaren.

Ho erkjenner argumentet frå motstandarane om at det siste skuleleie elevar treng er å sitja meir på skulebenken, men meiner det òg er rom for praktisk erfaring i eit slikt skuleår.

Valfag og basisfag

Til VG fortel KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad at dei ser føre seg eit år der halvparten av timane går til basisfaga norsk, matematikk og engelsk, medan resten av timane vert valfag i elevane sine interesser.

Ordninga er allereie utbreidd i Danmark og i Noreg har det vore forsøk med eitt ekstra skuleår både i Drammen og Oslo, der ordninga no er blitt permanent.

Bør norske elevar få tilbod om eit ekstra skuleår etter ungdomsskulen?

Bør norske elevar få tilbod om eit ekstra skuleår etter ungdomsskulen?

Ja, det kan tetta kunnskapshola13
Nei, dei er skuleleie nok24
Det kan gjerne prøvast ut15
Veit ikkje3
Svar totalt: 55

 

Medan Stoltenberg-utvalet gjekk inn for eit ekstra skuleår til ein prislapp på omlag 2,4 milliardar kroner årleg, meinte Lied-utvalet at det vert for kostnadskrevjande.

Lied-utvalet meiner ei betre løysing er å gje vidaregåandeelevar som treng det rett til ekstra innføringsfag i norsk, engelsk og matematikk.

Elevleiar Edvard Botterli Udnæs. Foto: EO

Elevorganisasjonen vil ha innføringsfag

– Me er ikkje nødvendigvis mot forslaget, men me meiner det vil vere meir effektivt med ei ordning med frivillige innføringsfag, slik Lied-utvalet føreslår.

Det seier påtroppande leiar i Elevorganisasjonen Edvard Botterli Udnæs på telefon til Framtida.no.

Han meiner det å starta på vidaregåande saman med resten av kullet sitt kan gje motivasjon.

– Me trur eit år der ein berre fokuserer på det ein har tapt kan følast litt som eit venterom før vidaregåande skule. Ein bør heller satsa på eit løp der ein får tetta faglege hol og fylle på med nye ting. At ein får innføringsfag og jobbar vidare med fag ein var flink i på ungdomsskulen, seier Botterli Udnæs, som likevel ikkje er negativ til ei prøveordning.

Folkehøgskule for miljøforandring

– Korleis det skal gjerast må diskuterast, men Stoltenberg-utvalet føreslo å leggja det til folkehøgskulane, noko eg synest er positivt, fordi det òg inneber eit miljøskifte, seier KrFU-politikar Eline Kunzendorf.

Tidlegare opna fleire norske folkehøgskular for yngre elevar, noko som i dag er mindre vanleg. Kunzendorf ser ikkje føre seg ei ordning med folkehøgskule rett etter ungdomsskulen, men at ein kan henta inspirasjon frå ordninga.

– Det bør kanskje få eit eige namn. Eg har ikkje noko forslag, men noko som liknar på folkehøgskule for å skape positive assosiasjonar til det.

Magnus Rotevatn (18) er sjølv elev på vidaregåande. Foto. Privat