FHI snur om studentvaksinar ved universitet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommuneoverlege Ådne Dæhlin i Ås seier til VG at han vart bekymra då FHI fredag førre veke brått vedtok å avvikle ordninga.

– Vi hadde opphavleg bestilt 4.900 ekstra dosar gjennom student-ordninga til FHI. Vi vart bekymra då ordninga brått vart avvikla. Vi ville fått for få dosar til eigne innbyggjarar. No er vi letta og glade for at FHI har snudd, seier han.

I tillegg til eigne innbyggjarar har han ansvar for 6.500 studentar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

FHI lovar nok dosar

Studentordninga vart avvikla etter det vart kjend at Noreg får ein million ekstra dosar frå Polen. FHI meinte alle ville få tilstrekkeleg med dosar uavhengig av om dei er studentar eller ei.

FHI lovar at kommunane skal få nok dosar.

– Kommunar som treng ekstra dosar til studentar, kan framleis få dette ved behov. Men det er riktig at vi har sagt at vi ikkje sender dette ut til alle studiekommunar gitt nye og veldig store leveransar som kjem til alle kommunar i akkurat dei vekene det var planlagd å sende ut dosar til studentane, seier avdelingsdirektør Are Stuwitz Berg ved FHI til VG.

Han legg til at han gjerne høyrer frå studiekommunar som framleis meiner dei treng ekstra dosar til studentar.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen