Nye tal: Tre av fire lærarar ikkje fullvaksinerte éi veke før skulestart

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Men kunnskapsminister Guri Melby (V) lovar rask auke i dei kommande vekene.

– No har mange kommunar prioritert lærarar for å få dose 2. Vi vil sjå at mange lærarar og tilsette får andre dose dei næraste vekene, mange kommunar nyttar handlingsrommet vi gav dei, seier Melby til NTB.

Heile 86,9 prosent av alle tilsette i barnehagar og skular har fått første vaksinedose, men berre 26,6 prosent har fått dose 2, viser tal frå Kunnskapsdepartementet. Delen i befolkninga samla sett er 81,9 og 34,6.

Melby meiner årsaka til den låge delen som har fått andre dose blant lærarar, er prioriteringa av risikogrupper, og at delen vil auke saman med delen blant resten av befolkninga framover.

– Det er òg viktig å ha med at dose 1 vernar mykje, seier ho.

Misnøye frå Utdanningsforbundet

Steffen Handal er leiar i Utdanningsforbundet. Foto: Rikke Bjurstrøm / Utdanningsforbundet [CC BY-SA 3.0], via Wikimedia Commons

Leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet er ikkje imponert over tala.

– Eg synest det er altfor lågt. Regjeringa kan ikkje vere fornøgd med dette. Dei hadde som ambisjon å skjerme barn og unge mest mogleg i pandemisituasjonen, og ein viktig del av dette hadde vore at lærarar og barnehagelærarar var fullvaksinerte til skulestart, seier han til NTB.

Han meiner det ville gjort det enklare å drive på grønt nivå, og at lærarane i staden blir kasta ut i ein uviss situasjon, der det må lempast på karantenereglar og ein fryktar ei ny smittebølgje. Handal synest heller ikkje det held med éin dose.

– Lærarar bør vere fullvaksinerte. Dei har over 100 nærkontaktar i arbeidssituasjonen sin. Dei er spesielt utsette, seier Utdanningsforbundet-leiaren.

Utdanningspolitisk talsperson Torstein Tvedt Solberg i Arbeidarpartiet meiner det ikkje nyttar å love ei rask løysing veka før skulestart.

– Dei tilsette på skulane har vore i ein utsett posisjon sidan starten av pandemien. Utan tilstrekkeleg smitteverntiltak har mange lærarar hatt hundrevis av nærkontaktar kvar dag, seier han til NTB.

Skal bli heime ved forkjøling

Med unntak av assistentar i barnehagar har heller ikkje skule- og barnehagetilsette vore overrepresentert på smittestatistikken, seier Melby. Ho legg til at skular og barnehagar har vore drivne utan stor smittespreiing det siste året, og at høg vaksinasjonsgrad vil gjere at lærarar blir godt beskytta.

– Med den trenden vi har hatt fram til no, der barn ikkje blir så lett sjuke eller smitta, vil det gå bra. Ikkje alle tiltak er borte på grønt nivå, og ein skal vere borte med lette sjukdomssymptom. Til vanleg går vi ofte på skular og barnehagar når vi er forkjølte, no skal ein ikkje det, seier kunnskapsministeren.

Melby legg òg vekt på at ein no er i ein beredskapssituasjon, der ein må vere førebudd på at det kan skje ting som fører til at ein strammar inn koronatiltaka over kortare periodar.

– No har vi prøvd alle tiltaka før og veit kva som skal til, seier ho.

Håpar ikkje folk takkar nei av praktiske omsyn

Det er totalt 248.000 tilsette i skular og barnehagar som har fått vaksine, medan vel 37.500 ikkje er vaksinerte.

I det siste talet kan det òg liggje tilsette som har takka nei, men Melby håpar at dei fleste av desse sluttar seg til vaksinasjonen etter kvart.

– Det kan vere nokon som har takka nei av praktiske omsyn, og det blir spennande å følgje med på. Det er viktig at vi har høg vaksinasjonsgrad, og derfor håpar eg dei fleste takka nei av praktiske grunnar, og vil la seg vaksinere i løpet av hausten, seier kunnskapsministeren.