Den nye sygenerasjonen: Ingrid og Ingrid spreier sy- og gjenbruksglede på Instagram

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er veldig gøy å sjå at så mange har lyst til å læra å sy, seier Ingrid Bergtun (29) og Ingrid Vik Lysne (29), som på kort tid har hatt stor suksess med å læra bort sykunsten.

På sosiale medium har dei over 250.000 følgjarar, og i sommar gav dei ut ei sybok som gjekk rett til topps på bestseljarlista for sakprosa.

Dei to sydamene møttest på «Symesterskapet» til NRK for tre år sidan. Sidan den gongen har det gått slag i slag.

– Vi fann ut at vi hadde veldig like ambisjonar om å kunna leva av å sy på ein eller annan måte. Då bestemde vi oss for å samarbeida og hjelpa kvarandre, fortel Ingrid Vik Lysne.

Sjølvlærte

Ingrid Bergtun (29) har lagt jobben som mattelærar på hylla. No lever ho av å læra andre å sy.
Foto: Privat

Dei er begge sjølvlærte, men har ulik fartstid med symaskina. Sykarrieren til Ingrid Bergtun starta då ho for fire år sidan fekk ei brukt symaskin av farmora.

– Eigentleg hadde eg berre lyst på ein hobby som var kreativ. Då eg først starta, syntest eg det var veldig inspirerande, fortel 29-åringen som eigentleg er utdanna lektor i matematikk.

Namnesøstera Ingrid Vik Lysne, har på si side studert juss, men har sydd sidan ho var 10 år.

– Eg har alltid likt å laga ting og har eksperimentert og testa ut mykje forskjellig.

Vik Lysne begynte tidleg å sy om og redesigna kle, og har lenge ivra for å inspirera andre til å gjera det same. Saman med Ingrid Bergtun lever ho no av å spreia sy- og gjenbruksglede.

I boka viser dei to gjenbruksentusiastane korleis gamle tekstar kan gjerast om til nye plagg. Foto frå boka: Ingrid Vik Lysne og Foto frå boka: Anna Torst Saltvedt

Meir berekraftig garderobe

– Vi er begge opptekne av å gje kle og tekstilar lengre levetid, forklarar duoen.

Grunnen er både at det blir kasta mykje kle som ingen vil ha og at klesindustrien er ein klimaversting.

Gjennom tekst og bilete viser Ingrid Bergtun og Ingrid Vik korleis du kan gå fram for å skapa dine eigne kle av gamle tekstilar.
Foto frå boka: Ingrid Vik Lysne

I syboka si viser dei korleis folk kan laga moderne plagg av gamle tekstilar. Boka er illustrert med oppskrifter alle kan klara å laga. Det er nesten ikkje grenser for kva tekstilar som kan brukast.

I boka viser dei korleis alt frå gardiner til ullpledd og broderte dukar kan få nytt liv som moderne klesplagg. Boka har også eit eige kapittel om redesign og reparasjon.

Gjenbruk er også ein raud tråd i syopplæringa deira på sosiale medium. Ved å sy sine eigne kle, trur dei terskelen er mykje høgare for å kasta det ein har laga.

– I tillegg får folk kanskje litt meir forståing for kor lang tid det tek å produsera eit plagg. Dermed får folk kanskje også ei anna oppfatning av verdiar og dei kleda dei allereie har. Når du byrjar å sy, kan du dessutan tilpassa dei kleda du har slik at dei passar endå betre til din eigen kropp. Då trur eg det er mykje større sjanse for at folk beheld plagget lenge, seier Ingrid Vik Lysne.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Ingrid Bergtun (@ingridbergtun)

– Ny sygenerasjon

Dei to sydamene trur det er ulike grunnar til at så mange har lyst til å læra å sy, men dei er einige om at det ser ut til å vera ei ny sybølgje i samfunnet.

– Interessa for å sy har kanskje hoppa over ein generasjon. Foreldregenerasjonen min vaks opp med heimesydde kle fordi det var ein økonomisk måte å skaffa kle på. Difor ville dei gjerne ha kjøpekle. No har det kome ein ny generasjon som er interesserte i å sy av heilt andre grunnar, seier Ingrid Bergtun.

Samtidig opplever dei at den nye syinteressa har smitta over på både foreldre- og besteforeldregenerasjonen.

– Mange av dei som vaks opp med at det ikkje var så kult å sy, kjem no på sykursa våre. På kursa kan det like gjerne koma ein 12-åring som ein 70-åring, seier dei.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Ingrid Bergtun (@ingridbergtun)

Draghjelp av korona

Dei to syentusiastane ser elles ikkje bort frå at suksessen deira har fått litt draghjelp frå koronapandemien.

– Korona førte kanskje til at mange endeleg fekk tid til å testa ein hobby. Det å sy tek tid, men når folk først måtte vera inne, var det ein perfekt innehobby. Eg trur difor koronatida har påverka interessa for saum positivt, seier Ingrid Bergtun.

Ingrid Vik Lysne trur på si side at mange synest det er kjekt å skapa noko og gjera noko med hendene.

– Det er noko med å leggja vekk mobilen, ikkje vera på skjerm og gjera noko heilt anna. Ein aktivitet der ein får andre stimuli og lærer noko nytt.

Ho peikar på at det sy også kan vera ein fin måte å roa ned på i ein travel kvardag.

– Det å sy er for mange veldig meditativt, samtidig ser ein resultat ganske fort. Sjølv om det tek tid, går det fort å få to stoffbitar til å likna på ei jakke.

– Eg har alltid vore glad i å laga ting og har sydd nesten heile livet, seier syprofilen Ingrid Vik Lysne (29). No brenn ho for å læra andre å sy og gje kle og tekstilar lengre levetid.
Foto: Plan B

Råd til nybyrjarar

Sjølv om dei to sydamene brenn for gjenbruk og miljø, trur dei ikkje klimaengasjement åleine er god nok motivasjon til å sy. Det ein syr må òg vera fint, meiner dei.

– Det viktigaste rådet for å koma i gang er kanskje å sy noko du faktisk har lyst på. Noko du gler deg til å bli ferdig med slik at du kan bruka det, seier Ingrid Vik Lysne.

Ho oppmodar nybyrjarar til å kasta seg uti det og prøva seg fram.

– Å sy er noko du må læra gjennom fingrane. Det blir kanskje ikkje heilt perfekt i starten, men ein må berre starta.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Ingrid Bergtun (@ingridbergtun)

Steg for steg på video

Etter restriksjonane med koronapandemien har det blitt vanskelegare for dei to sydamene å halda sykurs. I staden har dei satsa meir på syopplæring gjennom sosiale medium. Det høyrer med til historia at dei også har starta eit samarbeid med gjenbruksdronninga Jenny Skavlan og designaren Mari Norden gjennom sykollektivet Fæbrik.

I tillegg til at dei ser fram til å utvikla dette samarbeidet, gler Ingrid-duoen seg til å halda eigne sykurs igjen.

– I mellomtida jobbar vi digitalt med å lansera mønster og læra folk. I boka viser vi steg for steg korleis folk kan gå fram for å laga eit plagg. No lagar vi videoar i tillegg. Målet er å leggja lista så lågt som mogleg for at folk skal koma i gang.

– Eg føler veldig mykje på det å ikkje vere heilt integrert i nokon kultur, seier klesdesignar Ramona Salo Myrseth (28), som vert inspirert av sin samiske bakgrunn.