Ingunn (25) har strikka sidan ho var 6 år – her er hennar nybyrjartips

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg strikka litt av og på gjennom heile barndommen, men klarte ikkje å fullføra nokon store prosjekt då. Det første store prosjektet eg fullførte var ei fanakufte eg strikka då eg gjekk på ungdomsskulen, og ho brukte eg eit og eit halvt år på.

Det skriv Ingunn V. Steinsvåg i ein e-post til Framtida.no.

Tjafs via instasoge

25-åringen frå Stord er første nestleiar i Norsk Målungdom og står bak oppskrifta på tjafsen, ein strikka scrunchie.

Då Målungdommen fann ut at dei skulle stikka scrunchie fann dei fort ut at dei måtte ha eit norsk namn på det. Ungdomsorganisasjonen hadde ei avstemming via det Steinsvåg kallar ei instasoge (Instagram story), der det stod mellom tjafs, krølli, skrukki og krølje.

– Tjafs vann avstemminga med knapp margin, og det var eg veldig nøgd med. For viss ein ser på ordbokdefinisjonen, så passar det jo perfekt! skriv Steinsvåg.

Ho viser til ordbokdefinisjonen av tjafs, som er: «bustete (hår)lokk; trevl av trådar; frynser av endane på renninga i vev».

Tjafsane som Ingunn V. Steinsvåg har designa for Norsk Målungdom. Foto: Ingunn V. Steinsvåg/Norsk Målungdom

Råd til nybyrjarar

Mor til Steinsvåg har alltid strikka og designa plagg, mellom anna for Sandnes garn. Difor lærte dottera å strikka allereie som seksåring.

– Det var først då eg flytta heimanfrå for å studera då eg var 18 år at eg blei heilt hekta på strikking. Sidan då har eg alltid hatt minst eit strikkeprosjekt på gong, og eg blir rastlaus om eg sit i ro meir enn 10 minutt utan å strikka.

– Har du nokre tips til dei som drøymer om å læra seg å strikke?

– Mitt beste tips må vera å tørra! Det er ikkje så vanskeleg som det ser ut som, og det finst mange gode oppskrifter og videoar på nett.

– Det kan vera lurt å starta med noko enkelt, men det viktigaste er å starta med noko du verkeleg har lyst på. Viss du har lyst på det ferdige produktet, er det mykje lettare å finna motivasjon for å fullføra og for å læra seg nye teknikkar.

– Eit siste tips er å strikka prøvelapp, då pinnenummeret i oppskrifta er rettleiande. Slik blir du kjend med din eigen strikketettleik.

Marokkoblise (t.v) og diamantflettegenser. Foto: Privat

Mønsterendringar

Steinsvåg strikkar gjerne i handfarga garn og favorittplagget er stort sett det siste ho har fullført. No er ho kome så langt at ho kan designa eigne mønster og følgjer nesten aldri oppskrifta til punkt og prikke.

– Eg starta med å gjera små justeringar på oppskrifter eg strikka, litt lengre bol, litt smalare kjole, litt anna hals, og så bortover. Slik får eg plagget nett slik eg vil ha det, skriv ho, og held fram:

– Når ein er blitt vand med å tenka sjølv når ein følger ei oppskrift, er ikkje vegen så lang til å laga eigne mønster. Og så er det jo spanande å prøva seg fram og laga noko eige.

Stockholmgenser (t.v), gryteklutar og ein topp med intrikat mønster. Foto: Privat


– Mest av alt gjer eg dette for min eigen del. Eg får ein bismak i munnen om eg har for mange nye klede. Det skal ikkje så mykje til, fortel Hilde Selvikvåg (t.h.) Saman med Ingrid Bergtun (t.v.) vil artisten vise at berekraftig mote er kult. Foto: Victoria Bergort