Helsedirektoratet tilrår at studentar kan teste seg ut av smittekarantene

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hovudpoenget her er at vi tilrår å erstatte smittekarantene med regelmessig testing for dei som er nærkontaktar av smitta personar. Det er i tråd med FHIs tilråding, seier fungerande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad til NTB.

I eit brev Helsedirektoratet sende til alle kommunane i landet måndag, skriv direktoratet:

«Det anbefales at også elever/studenter over 18 år i videregående, høyskole og universitet testes i stedet for å settes i smittekarantene. Kommunelegene må selv vurdere og fatte særskilte beslutninger (vedtak, enten enkeltvedtak eller lokale forskrifter) for at denne gruppen skal kunne gjennomføre testing og med det få unntak fra smittekarantene.»

– For dei aller fleste over 18 år vil dette sannsynlegvis ikkje komme til bruk, fordi dei fleste vil ha fått første vaksinedose ved skulestart, seier Nakstad.

Må testast tre gonger

FHI og Helsedirektoratet tilrår at studentane blir testa raskast mogleg etter at smitte er oppdaga. Ved negativt testsvar kan dei få fritak frå smittekarantene. Deretter skal dei testast to gonger til. Ved framleis negative testsvar kan dei få fritak frå smittekarantene.

Husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære kontaktar, typisk kjærastar eller elevar som bur på same hybel, må framleis vere i karantene etter å ha vore saman med ein smitta, understrekar direktoratet i brevet.

Risiko for uvaksinerte

Neste veke startar faddervekene på ei rekkje av studiestadene i landet. I fjor oppstod ei rekkje utbrot i samband med faddervekene.

Nakstad seier at det at mange studentar no har fått første vaksinedose, gjer at han ikkje er like bekymra for at det skal oppstå tilsvarande utbrot som i fjor.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad. Foto: Berit Roald / NTB / NPK

– Vi trur at faddervekene skal kunne gjennomførast på normal måte under dei gjeldande smittevernreglane. Ein må hugse på at det er festing blant uvaksinerte som utgjer den største risikoen, seier han.

Massetesting på NHH

Arrangøren av fadderveka ved Noregs handelshøgskole (NHH) i Bergen har planar om massetesting når studentane kjem på campus neste veke.

– Tanken er å teste alle studentane kvar dag. Det viktigaste er at vi har eit så godt bilete som mogleg – eit augneblinksbilete av smittesituasjonen i fadderveka, seier fadderleiar Christian Arstein til NRK.

I fjor vart meir enn 100 studentar smitta i samband med fadderveka.

Studentforeininga på NHH har i år inngått ein avtale med ein privat helseaktør som tilbyr hurtigtesting. Kostnadene blir refunderte frå styresmaktene.

Dersom studentane testar negativt, får dei grønt lys i eit koronasertifikat gyldig i 24 timar. Khrono skreiv først om massetestinga på NHH i slutten av juli.

Nakstad seier at ein har god erfaring med regelmessig testing for å halde smittenivået nede i universitetsmiljø.

– Det er positivt om ein vil tilby testing for å avgrense risikoen for smitteutbrot under faddervekene, seier han.


Valdagen for både stortingsvalet og sametingsvalet er mandag 13.september. Men du kan stemme allereie no. Biletet er frå kommune-og fylkesvalet i 2019. Foto: Valdirektoratet