Student og skal stemme? Dette må du hugse på

Karine Jonsrud Pedersen
Publisert
Oppdatert 19.08.2021 13:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Uansett livssituasjon og alder treng Noreg di stemme, fordi du veit best korleis din situasjon er, og kva du treng for å lukkast.

Det skriv leiar av Norsk studentorganisasjon, Tuva Todnem Lund, i ein e-post til Framtida.no.

Ho er oppteken av at fleire studentar må gå til valurnene for å stemme.

Før 10. september kan du stemme i alle kommunar

Lokala for førehandsstemming opnar i dag, tysdag 10. august.

Fram til 10. september er det same kor ein stemmer, men på valdagen må det vere i kommunen der ein er folkeregistrert (per 30. juni 2021). Det skriv Valdirektoratet på sine sider.

Dette vil seie at om du er student og folkeregistert hjå foreldra dine, men studerer i ein annan by, er det for seint å stemme på sjølve valdagen med mindre du ikkje er heime hjå foreldra dine. Det kan derfor vere lurt å førehandstemme.

– Førehandsstemming gjer stemming supertilgjengeleg! fortel Lund.

Leiar av Norsk studentorganisasjon meiner ein må snakke meir om politikk, og gjere det tilgjengelg for alle. Ho fortel at ein ofte kan bli skremt av  ordet “politikk” og dei store diskusjonane om tekniske tema. – Men politikk handlar om absolutt alt. Foto: Skjalg Bøhmer Vold/ NSO.

Når ein stemmer i ein annan kommune, kan du berre stemme på eit parti. Du kan ikkje endre rekkefølge eller stryke kandidatar.

Færre andregongsveljarar

Statistikk viser at det er fleire som stemmer når dei er 18 år enn seinare i 20-åra. Leiaren for Norsk studentorganisasjon trur det handlar om at det er eit fokus på politikk i grunnskulen før det så blir litt distansert for mange.

– Jo eldre vi blir, jo meir skjønar vi kanskje kva vi ikkje veit? spør Lund.

Valdeltaking sidan stortingsvalet i 2013.

Ho peikar på at politikken påverkar heile samfunnet vi lever i og korleis vi kan leve liva våre, og trur fleire vil gå til vallokala når ein ser kva politikken eigentleg påverkar.

– Politikk handlar om absolutt alt som påverkar din kvardag, både dei store og dei små tinga. Frå kor mykje du får i studiestøtte, til korleis (og kor) vi bur, kva dei ulike matvarene kostar på butikken og kva slags varer som er tilgjengelege. Vi må snakke om politikk på ein måte som gjer det mogleg å henge med i diskusjonen, skriv Lund.

– Korleis skal ein bestemme seg?

Student-leiaren forstår at det er mykje å setje seg inn i, men har fleire tips til korleis ein skal bestemme seg for kva ein skal stemme.

– Bestem deg for nokre saker som betyr ekstra mykje for deg, og sett deg inn i kva partia meiner om desse. Dersom du er litt ekstra interessert kan du også søke opp partiprogramma, og lese løfta kvart enkelt parti går til val på (tips: ctrl+f lar deg søkje på nøkkelord).

Ho tilrår også å ta valomatar og skriv at ein ikkje treng å vite alt om alle partia for å ta eit val. Det trur ho eigentleg ingen gjer.

Lund ber også studentane om å følgje med på studentorganisasjonar for å sjå kva slags saker dei interesser seg for.

Hugs leg

– Ærleg talt. Det å stemme tar deg ikkje lang tid, det er kjempeviktig og ikkje mykje styr eller tungvint. Pynt deg og feir valet du har tatt etter å ha lagt setelen i valurna, oppfordrar studentleiaren.

Alt du treng å hugse på er at du må ha med legitimasjon og å følgje smittevernreglane. Er du i isolasjon skal du ta kontakt med kommunen, og stemme heimanfrå.

Ærleg talt. Det å stemme tar deg ikkje lang tid, det er kjempeviktig og ikkje mykje styr eller tungvint.

Elles, viss du er over 18 år når 2021 er omme, er norsk statsborgar, og er, eller nokon gong har vore folkeregistrertført som busett i Noreg, er det berre å ta seg til stemmelokala.

Ein skal ha fått valkortet før 10. august, anten på mobil eller i papir. Valdirektoratet skriv at dette fyrst og fremst er ei stadfesting på at du har stemmerett, og ein kan altså gå og stemme utan å ha det med – sjølv om det er lett tilgjengeleg på mobil.

Om ein lurer på noko kan ein spørre valfunksjonærane som blant anna er der for å nettopp hjelpe.

Valdirektoratet opplyser også om at viss du bur i utlandet kan du stemme fram til 3. september hjå utanriksstasjonar eller andre oppnemde stemmemottakarar.

Annleis reglar for sametingsvalet

Korleis ein stemmer i sametingsvalet avhenger av kor mange frå din kommune som er registrert i valmanntalet. Det skriv Sametinget på sine nettsider.

– Bur du i ein kommune som har færre enn 30 personar registrert i sametinget sitt valmanntal, så kan du berre førehandsstemme. Valkortet vil fortelje deg om du må førehandsstemme og kor stemmegivinga skal bli send.

Er det over 30 personar registrert i valmanntalet kan ein også stemme på valdagen 13. september.

Ein må vere registrert i valmanntalet for å stemme ved sametingsvalet. 

– Skjerp deg

Avslutningsvis spurte vi Tuva Todnem Lund om kva ho vil seie til dei som etter alle tipsa hennar framleis ikkje vurderer å stemme ved haustens val.

– Skjerp deg, sjølvsagt skal du det!


Aina Madelén Nordsletta Aslaksen (21) har alltid vore engasjert. Ho trur ein stor del av årsaka er at mora hennar også alltid har vore engasjert. No vil Aina inn på Sametinget, der mora, Marie Therese, har oppheldt seg i mange år. Foto: Privat.