Unge møter ikkje til vaksinasjon – fleire kommunar opnar for drop-in

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skien har hatt drop-in i fleire dagar. Likevel har over 11.000 innbyggjarar framleis ikkje dukka opp for å få den første dosen, skriv NRK.

For fleire kommunar er det vanskeleg å nå ut til innbyggjarane. Det er spesielt vanskeleg å få tak i ungdommane. Ås kommune har 1.500 dosar til overs denne veka.

– Fleire møtte ikkje opp til timane dei fekk tildelt. No erfarer vi at fleire ikkje bestiller timar heller, seier Monica Berge-Tukh, leiar for koronasenteret i Ås kommune.

Dei opnar no for drop-in. Det er reservert for innbyggjarar i Ås og studentar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Veterinærhøgskolen, presiserer Berge-Tukh overfor NTB.

Møter ikkje opp

I Arendal har 5.600 fått innkalling til vaksinasjon den siste veka, men under halvparten har møtt opp. Også i Oslo er det vanskeleg å få kontakt med ungdommane.

I Stavanger har mange 18-åringar takka ja til vaksine, men dei bestiller ikkje time. Smittevernoverlege Ruth Midtgård trur det kjem av ferien.

Trondheim må byrje på dei yngre årskulla tidlegare enn dei hadde tenkt. Dei som eigentleg skal få vaksine, bestiller ikkje time eller møter ikkje fram.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen