Køtala har minka med 6.088 studentar, frå 16.421 2. august til 10.333 16. august, skriv Samskipnadsrådet.no
Køtala går ned fordi studentar anten flyttar inn i ein studentbustad eller finn bustad på den private marknaden. Denne veka er det semesterstart hos dei aller fleste universiteta og høgskulane.
- Har du fått med deg teksten til Linn Isabel Eielsen om åra hennar i studentbustad? To år marinert i eksos og hasjrøyk – no er det nok

NSO etterlyser studentbustader
Leiar av Norsk studentorganisasjon, Tuva Todnem Lund, seier ho er bekymra over at over 10.000 studentar framleis står i kø for å få studentbustad.
– Desse studenten må gå på bustadjakt, ofte i ein ukjend by, i staden for å kunne delta i studiestarten. Vi treng at det blir bygd fleire studentbustader no, for å forhindre slike køar i åra framover, seier Lund.
– Aldri før har så mange fått plass ved universiteta og høgskulane i landet, noko som blir spegla i bustadkøen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Han seier det rundt om i landet blir bygd mange studentbustader – og at det skal byggjast meir.
- Er du ein av dei heldige som har fått deg bustad? Her får du alt du må vete om husleigekontrakta!
