Valkortet har vorte digitalt for første gong

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette markerer starten på valet, seier direktør Bjørn Berg i Valdirektoratet i ei pressemelding.

Årets valkort, som normalt blir sendt i posten, har vorte digitalt. Frå 10. august vil alle nordmenn ha tilgang til dokumentet via den digitale postkassa si.

Kan brukast direkte på mobilen

Digitale valkort kan brukast direkte på mobiltelefonen og treng ikkje å printast ut. Det er heller ikkje nødvendig å vise valkortet når du skal stemme, men det gjer sjølve stemmegivinga enklare og raskare, ifølgje Berg.

– Det einaste du må ha med deg, er legitimasjon med fullt namn, bilete og fødselsdato. Har du dette, så får du stemt, understrekar Berg.

Du må framleis møte opp

Dei digitale valkorta betyr ikkje at nordmenn kan stemme digitalt, og det er ikkje gjort endringar i korleis valet blir gjennomført. Dei som har reservert seg for elektronisk post, eller ikkje har oppdatert kontaktinformasjonen i kontakt- og resevajsonsregisteret, vil framleis få valkort tilsendt i posten.

Frå 10. august fram til 10. september kan nordmenn førehandsstemme i heile landet. Valdagen 13. september kan ein derimot berre stemme i kommunen der ein er folkeregistrert. (©NPK)