7 grunnar til å velje eit yrkesfag

Torbjørn Vereide, fagleg ungdomssekretær i LO Vestland og Roger Pilskog, distriktssekretær i LO Vestland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

1. mars er frist for alle 10. klassingar til å søkje vidaregåande skule, og i desse dagane føregår det viktige diskusjonar i både heimar og vennegjengar om kva studieval ein skal velje for framtida.

I diskusjonane om yrkesval, får den viktige fag- og yrkesutdanninga for lite merksemd.

Allmennfag eller studiespesialiserande er sjølvsagt viktig, men samfunnet og næringslivet skrik etter personar med yrkesutdanning.  Ifølge Statistisk sentralbyrå vil vi mangle om lag 90.000 fagarbeidar i 2035. Med andre ord er yrkesvegen eit sterkt kort for å sikre seg eit arbeid i framtida.

Ei utdanning innan yrkesfag startar som hovudregel med to år på ein vidaregåande skule og deretter to år i lære i ei bedrift. Etter læretida går alle opp til fagprøve og får eit fagbrev. Etter fullført fagbrev ligg vegen framleis open for høgare utdanning dersom ein ønskjer det. Du kan velje Y-vegen til ein fagskule eller ein høgskule eller eit universitet. Er du til dømes elektrikar med fagbrev, kan du kome direkte inn på elektroingeniørstudiet utan å ha generell studiekompetanse.

I vidaregåande opplæring er det 180 yrkesfag å velgje mellom. Det er med andre ord utdanningsretningar for alle interesser. Bedriftene våre vil ha den beste arbeidskrafta. All erfaring viser at dei mest etterspurde ingeniørane, er dei som har arbeidserfaring gjennom eit fagbrev. Desse har med seg praktisk erfaring og ein kompetanse som er gull verdt for samfunns- og næringslivet.

Arbeids- og næringslivet ventar på din kunnskap og kompetanse

Yrkesfag opnar yrkesvegen i mange retningar. Denne vegen sperrar ikkje sjansen for seinare å ta høgare utdanning. Arbeids- og næringslivet ventar på din kunnskap og kompetanse.

Her er 7 gode grunnar for å velje yrkesfag og seinare få fagbrev:

  1. Du kjem deg raskt ut i arbeid
  2. Du får løn i læretida under utdanning
  3. Du unngår stort studielån
  4. Du kan velje 180 spennande utdanningsretningar
  5. Du kjem hurtigare inn i bustadmarknaden
  6. Du blir god til å løyse praktiske problem og jobbe sjølvstendig

Du sperrar ingen utdanning- og jobbmoglegheiter, men opnar for fleire!