– Litt skam er bra å ha, men mykje skam har ingen bruk for

Emilie Hansen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skam er ein følelse ein får om ein har gjort noko dumt, eller om ein føler seg ubrukeleg. Ein treng ikkje nødvendigvis å ha gjort noko galt, men ein føler at ein sjølv er ein som burde skamme seg, seier psykolog og forfattar Kristine Tofte til Framtida.no i eit telefonintervju.

Tofte forklarar at skam er ein sosial følelse, og at han derfor oppstår i situasjonar der andre kan sjå at vi burde skamme oss. På grunn av dette kan skam vere sosialt hemmande ettersom det kan føre til at ein gjer mykje for å unngå blikket til andre, fordømminga frå andre.

Psykolog og forfattar, Kristine Tofte, seier at skam ikkje nødvendigvis treng å vere ein negativ følelse. Foto: Julie Pike.

Psykologen viser til at det har vore mykje snakk om at ein ikkje burde ha skam. Ho legg vekt på at skam i seg sjølv ikkje er negativt.

– Skam er ein viktig følelse – utan denne hadde vi vore heilt rabiate. Det er ein grunn til at vi ikkje går nakne på butikken.

Ho seier at skam er med på å gjere at vi oppfører oss nokolunde greit for å passe inn i samfunnet rundt oss.

Ein av dei vondaste følelsane

– Skam er ein vond følelse, ein av dei vondaste.

Tofte forklarar at det er derfor skam aldri kjennest positivt ut, sjølv om det kan ha positive sider i form av åtferdsregulering. For mykje skam derimot, er negativt. Då kjenner ein på skam for ting ein ikkje treng å skamme seg for.

– Det finst ikkje noko positivt med for mykje skam, og vi skammar oss ofte for mykje.

Tofte seier at ein kan kjenne skam i store delar av kroppen, og at det nesten berre er sinne som er like omfattande. Der ein kjenner det mest er i magen.

– Den er så vond og overveldande at vi gjer kva som helst for å unngå følelsen. Skam kan gjere slik at vi prøvar halde oss vekke frå ting som ikkje er nødvendige å unngå.

– Sidan skam er ein sosial følelse, vil andre sitt blikk på oss kjennast vanskeleg sjølv om vi er opne.

Alle i venninnegjengen har kjent på skam

Celine Andersen Robøle (16), Elise Kleven Buer (15), Neo Kristoffersen Ålvik (16) og Mari Fossheim (16) seier i eit intervju med Framtida.no at dei alle har kjent på skam. Dei har kjent på skam knytta til mental helse, familie og legning.

Ungdommane beskriv følelsen som noko tungt som dei ønskjer å skjule, og som er vanskeleg å bli kvitt.

– Når eg kjenner på skam så føler eg at eg må gøyme meg vekk, og ikkje vere så stor, sånn at folk ikkje legg merke til det, seier Robøle.

Les også: Tilde (13): – Vondt at nokon skammar seg over tvangstankar

Ein kan skamme seg sjølv om ein er open

Kristine Tofte trur ikkje dei yngre generasjonane er skamlause. Ho synest det er bra at ungdommen er meir open enn generasjonane før og at vi bevegar oss i rett retning, men understrekar at skam er vanskeleg å gjere noko med.

– Sidan skam er ein sosial følelse vil andre sitt blikk på oss kjennast vanskeleg sjølv om vi er opne.

Psykologen seier at der er mykje ein kan skamme seg for sjølv om ein er open. Ein kan for eksempel vere open om sex, men likevel skamme seg over kropp, eller skamme seg over at ein har hatt sex om det ikkje vart slik ein trudde.

– Berre gjer det du vil, rett og slett! Ha gode folk rundt deg. Ikkje ver med folk som får deg til å føle deg dårlig, eller som får deg til å skamme deg over ting liksom.

Trur dei yngre generasjonane skammar seg meir

Ungdommane Framtida.no snakka med trur det er mange som skammar seg over kor mange ein har hatt sex med, kva legning ein har på grunn av religiøse grunnar eller kva familien meiner, og generelt å skamme seg over kven ein er og kva ein gjer.

Dei tenkjer også at dei yngre generasjonane kanskje skammar seg meir enn generasjonane før, men at det ikkje blir vist like godt lenger. Då spesielt med tanke på dei ekstreme skjønnheitsideala som møter unge i dag.

– Det er veldig lett å skamme seg over at du liksom ikkje passer sånn perfekt inn i der. Eg trur det er større skam i dag knytt til kropp enn før, seier Buer.

Ålvik tenkjer at truleg har skamkjensla vakse hos dei yngre generasjonane på grunn av sosiale media og det ein blir eksponert for der.

Skam blir påført

Psykolog Tofte seier at dei fleste følelsane våre blir forma når vi er barn. Dei blir forma av foreldra våra, men også av barn på vår eigen alder og andre vaksne.

– Vi snakkar då om påført skam, at ein som barn vart behandla som at ein burde skamme seg, noko som gjer at ein skammar seg for alt mogleg som vaksen.

Ho forklarar vidare at foreldre som er negative til kven du er og kva du gjer vil føre til mykje skam som vaksen, medan foreldre som er meir positive vil ha ein motsatt effekt. Tofte brukar Alex Rosen som eit eksempel på dette. Mora hans heia alltid på han, og sa at det ikkje var så farleg om han hadde gjort noko dumt. Dette har gjort at Alex Rosen gjer alt mogleg og er veldig skamlaus i møte med verda.

– Vi er veldig like foreldra våra, om vi vil det eller ikkje, og ein risikerer å påføre sine eigne barn mykje skam om ein sjølv vart påført dette av sine foreldre igjen.

LES OGSÅ: Alex Rosén: – Eg elskar nynorsk

Har ikkje noko å seie korleis du er

Det er mange som opplever at foreldra deira har påført dei skam, forklarar Tofte.

– Om ein kjenner på skam eller ikkje, har ikkje noko å gjere med korleis du er som person, men om foreldra dine synest at korleis du er, er feil.

Folk som kjem i terapi hjå Tofte føler ofte at dei er feil, og dette kjem då av at foreldra har påført denne skamfølelsen. For eksempel om ein var modig som barn, og foreldra meinte det var betre å vere forsiktig, eller omvendt.

– Ting foreldra våre gjer mot oss har vi med oss resten av livet. Ein kan kjenne på at ein er for mykje, eller for lite, og skamme seg for dette på grunn av foreldre sine reaksjonar til korleis vi er, som der igjen fører til at vi tenker vi er feil i møte med verda.

Lenge til vi blir skamlause

Psykologen seier denne typen skam truleg er ein av dei siste tinga som forandrar seg.

– Vi er veldig like foreldra våra, om vi vil det eller ikkje, og ein risikerer å påføre sine eigne barn mykje skam, om ein sjølv vart påført dette av sine foreldre igjen.

Denne vidareføringa av skam kan skje underbevisst. Ein kan prøve å formulere seg annleis enn foreldra sine, men å få til ei endring er vanskeleg. Men det er nokon som får det til. Dei klarar å bryte den sosiale arva frå foreldra sine, seier Tofte.

– Om ein kjenner på skam, eller ikkje, har ikkje noko å gjere med korleis du er som person, men om foreldra dine synest at korleis du er, er feil.

Ha gode folk rundt deg

Ariana Mokri (22) og Segen Gebremedhen (22) fortel til Framtida.no at dei aldri har kjent på skam. Dei tenkjer at det kan vere lurt å drite litt i, og at ein kan prøve å tenkje over kva ein skal ta inn over seg, og kva ein ikkje skal bry seg om.

– Berre gjer det du vil, rett og slett! Ha gode folk rundt deg. Ikkje ver med folk som får deg til å føle deg dårlig, eller som får deg til å skamme deg over ting liksom, seier Mokri.

Vennegjengen på fire trur det kan vere lurt å normalisere det å skamme seg og å snakke med gode venner om det som tynger ein. Dette trur dei kan føre til at en skammar seg mindre.

– Ein kan kjenne på at ein er for mykje eller for lite, og skamme seg for dette på grunn av foreldra sine reaksjonar til korleis vi er, som igjen fører til at vi tenker vi er feil i møte med verda.

Skam blir sjeldan bekrefta av vennar

Ifølgje Kristine Tofte er det viktigaste ein kan gjere om ein skammar seg mykje å snakke med vennar, helst på tomannshand, om korleis ein har det.

– Skam blir sjeldan bekrefta av vennar. Det kan sjølvsagt hende at ein har ein venn som er fordømmande, men då kan det vere lurt å snakke med ein annan venn som ikkje er det. Dei aller fleste vil ta imot deg på ein god måte.

Noko som kan vere lurt å hugse på er at folk i større grad er opptatt av seg sjølve. Dette brukar Tofte å seie til pasientane sine.

– Ein er i større grad opptatt av seg og sitt, og korleis ein sjølv blir sett av andre, enn det å dømme andre.

Eit anna tips Tofte har for å kjenne mindre på skam er at vi kanskje kan vere litt meir skeptisk til det vi har høyrt og lært heime. Kanskje har ein ei mor som synest at ein er for forsiktig, men vennane synast det er fint å vere forsiktig. Kanskje er det eigentleg heilt greit å vere slik ein er.


Les også: Hugseliste til betre mental helse: Tips og triks frå fagfolk

Illustrasjonsfoto: Ivana Cajina/Unsplash